Det første du må gjere er å skildre hendingsgangen så nøyaktig som mogeleg. Det er lurt å gjere dette medan du enno har uhellet friskt i minnet. Hugs òg å sikre bevis frå skadestaden og noter ned namn, adresse og telefonnummer frå eventuelle vitne. Deretter kontaktar du Eika, og du kan enkelt melde skaden her

Kva for dokument må du leggje ved når du melder ein skade? 
  • Skademelding med skildring av hendinga. 
  • Bilete frå skadestaden, dersom du har dette. 
  • Andre relevante opplysningar i samband med skaden/uhellet. 
  • Ved maskinskade er det viktig at du tek kontakt med ein verkstad, helst ein merkeverkstad. 
    Hugs å melde frå til verkstaden at dei må kontakte Eika før dei set i gong reparasjonen. 
Kven avgjer skuldspørsmålet?
Di oppgåve er å skildre kva som har skjedd i detalj, slik at sakshandsamaren kan avklare skuldspørsmålet og kva som er rett for di sak. Dersom det sannsynlegvis er den andre parta si skuld, eller det er uklart kven som har skulda, tek sakshandsamaren kontakt med forsikringsselskapet til den andre parta for å avklare dette. 

Når kan bilen reparerast? 

Sjølv om du er ivrig etter å få bilen på vegen att, er det viktig at ting blir gjort i rett rekkefølgje: 
  1. Vi vil anbefale deg å nytte avtaleverkstadene våre for reparasjon av køyretøyet. Dersom vi ikkje har avtaleverkstad i nærleiken av deg kan du nytte ein annan autorisert verkstad.
  2. Lever bilen til verkstaden og oppgi skadenummeret.
  3. Verkstaden set opp eit reparasjonstilbod som skal sendast til Eika for godkjenning. 
  4. Når reparasjonstilbodet er godkjent av oss, kan du setje i gong reparasjonen hjå verkstaden. 
  5. Fakturaen skal sendast frå verkstaden til Eika for oppgjer. Verkstaden har teke imot opplysningar frå Eika om eigendel og ein eventuell reduksjon i erstatninga. Dette er noko du sjølv betaler direkte til verkstaden.
  6. Hugs å betale meirverdiavgift dersom det er køyretøy i næring som er reparert. Dette skal ikkje vere med i fakturaen som går til Eika og skal betalast direkte til verkstaden. 
Kva om det ikkje lønner seg å reparere køyretøyet? 
  • Dersom skaden kjem er større enn marknadsverdien på bilen, blir han innløyst. Det vil seie at Eika sin takstmann finn marknadsverdien på ein tilsvarande bil, og sender rapport på dette til sakshandsamaren. 
  • Sakshandsamaren sender deretter eit erstatningstilbod til deg basert på rapporten. 
  • Aksepterer du erstatningstilbudet sender du oss elektronisk salgsmelding via www.vegvesen.no på vårt organisasjonsnummer 979 62 8684 og telefonnummer 479 04 149. 
  • Eika overtek den innløyste bilen, og utbetaler erstatning til deg. 

Har du andre spørsmål knytt til skadeoppgjer eller bilforsikring kan du lese meir her.  

Vi finn stort sett alltid ei løysing som alle er nøgde med.