Statistikken viser at aldersgruppa 18–23 år er overrepresentert når det gjeld uhell og skadar i trafikken. Køyrer du trygt og skadefritt, blir du lønna dersom du har bilforsikring frå oss:

– Kjøper du bilforsikring før du fyller 23 år, får du utbetalt fem tusen kroner etter fem år, dersom du i femårsperioden ikkje har hatt skadar som overstig 25 000 kroner, seier Heidi Haakensveen i Eika Forsikring. Ho legg til at du som kjøper bil for aller første gong, får 50 prosent startbonus på forsikringa di i tillegg til den raskaste bonusoppteninga på marknaden.

– Kjøper du bil for aller første gong får du 50 prosent startbonus på forsikringa di, i tillegg til den raskaste bonusoppteninga på marknaden. Heidi Haakensveen, Eika Forsikring. 

 

Sjekk kva bilforsikring som passar for deg

Tre råd som gjer deg til ein tryggare sjåfør

Det tek tid å opparbeida seg erfaring, merksemd og førarferdigheiter – heldigvis finst det enkle råd som gjer deg til ein tryggare sjåfør allereie frå dag éin.

  • Ver opplagd og årvaken. Sørg for at du er skikkeleg vaken, og legg inn jamlege pausar viss du skal køyra langt. Få i deg nok mat og drikke – og ikkje lat deg distrahera av stereoanlegg, navigasjon og passasjerar.

  • Kjenn bilen din, og sørg for at han er i god stand. Dette er spesielt viktig dersom du har kjøpt ny bil. Test bremsane, bruk rette dekk, sørg for at lykter fungerer, og hald frontruta rein. Og hugs belte.

  • Køyr etter forholda. Høg fart aukar sjansen for ulukker og gjer utfallet verre, derfor er det viktig å respektere fartsgrensene. Dersom køyreforholda er dårlege, må du kanskje redusera farten ytterlegare.

Har du spørsmål om bilforsikring?

Kontakt oss – vi hjelper deg gjerne!