1. Set deg konkrete mål
Det er berre å slå det fast med éin gong: Sparing har aldri blitt sett på som «sexy» og spennande. Det er det på tide å gjere noko med. Start med å tenke på kvifor du legg til side pengar: For å realisere draumar. Dei aller fleste planar for framtida inneber ei eller anna form for pengebruk. Eit heilt konkret mål for sparinga gjer underverk for motivasjonen. Draumane kan vere både store og små:

  • Spare 300.000 kroner på fem år slik at eg kan kjøpe meg eiga leilegheit
  • Spare 500 kroner dei to neste vekene slik at eg kan ta med kjærasten ut på middag

2. Kutt kvardagskostnadane
Det er vanskeleg å spare pengar om kontoen er tom på slutten av kvar månad. Heldigvis kan etter måten små sparetiltak utgjere store summar. Ein gjennomsnittsnordmann vil til dømes spare tusenvis av kroner kvart år på å samle daglegvarehandlinga til éin dag i veka. Her er fleire forslag:

  • Dropp cappuccinoen du alltid kjøper på veg til jobb: 40 kroner pr. kopp*230 arbeidsdagar = 9.200 kroner spart i året.
  • Kutt støttemedlemskapen på treningssenteret: 500 kroner pr. månad*12 = 6000 kroner spart i året.
  • Set opp eit budsjett. Kjedeleg, men lurt. Kva har du disponibelt kvar månad, og kva for faste utgifter har du? Hald oversikt over pengebruken og sjå om du finn nokre kostbare (u)vanar.

3. Opprett ei fast spareavtale
Om sparinga verkeleg skal monne, må du spare jamt og trutt. Hos banken kan du opprette ei avtale som gjer at eit fast beløp blir overført til sparing kvar månad. Dette er dei vanlegaste måtane å spare på:

  • BSU. Bustadsparing for unge gjer vegen til eigen bustad kortare, og passar for deg som drøymer om eiga leilegheit. Du får den beste innskotsrenta i banken, skattefrådrag og ekstra gunstige lånevilkår den dagen du skal kjøpe bustad. Du kan spare inntil 25.000 kroner i året og inntil 300.000 kroner totalt i løpet av spareperioden. Opprett BSU-konto her.
  • Banksparing. For deg som ønskjer ei føreseieleg rente og skal spare i ein kortare periode. Sparar du til neste års sydentur, er dette perfekt for deg.
  • Aksjefond. Forventa avkastning over tid i eit aksjefond er høgare enn ved vanleg banksparing, og er eit godt val for deg som sparar langsiktig. Kom i gang med fondssparing i dag.