Regjeringas forskrift om aksjesparekonto for privatpersonar tredde i kraft 1. september, og gjer det mykje enklare for småspararar å investere i aksjar og fond. Du kan enkelt opprette ein eigen aksjesparekonto i mobilbanken.

Kvifor er så denne ordninga gode nyheiter for deg som er småsparar? Vi har teke ein prat med Bjørn Slåtto, administrerande direktør i Eika Kapitalforvaltning:

Kva er eigentleg ein aksjesparekonto?
- Det er rett og slett ein konto der du kan samle alle aksjane og aksjefonda dine på ein stad. På denne kontoen kan du kjøpe og selje aksjefond og børsnoterte aksjar, uten å betale skatt av gevinsten undervegs.

Når må eg betale skatt då?
- Når du tek ut meir av kontoen enn du har sett inn. Det tyder at det er først når du flyttar gevinsten ut av aksjesparekontoen, at du må skatte av han.

Til sjuande og sist må eg altså skatte uansett. Kvifor er denne løysinga så bra?
- Den store fordelen er at du får reinvestert heile gevinsten undervegs. Over tid vil du få høgare avkastning enn det du får ved vanleg fondssparing. Du blir ikkje lenger «tvinga» til å bli verande i eit spesielt fond for å unngå høg skatt når du sel, men kan tilpasse sparinga akkurat slik du vil.

Er det berre aksjar og aksjefond som kan stå i ein aksjesparekonto?
- Reint teknisk er ein aksjesparekonto eigentleg som ein vanleg verdipapirkonto, men du kan også ha kontantinnskot ståande i påvente av investeringar, eller i ein mellomperiode mellom bytte av fond.

Korleis er tilbodet til banken?
- Vi har laga ei god løysing for sparing, der du sjølv kan etablere ein aksjesparekonto på mobilen. Når han er etablert, kan du enkelt kjøpe og selje fond og aksjar direkte frå mobilen. Du kan sjølvsagt også kontakte lokalbanken din og la ein rådgivar opprette kontoen for deg.