Svak kronekurs gjer at veldig mange ferieland er blitt litt dyrare å reise til, spesielt euroland og Storbritannia. Planlegg du smart, kan du likevel få ein fin ferie utan at dei kostar skjorta.

Bruk vår valutakalkulator. Last ned mobilbanken

Kroatia ny favoritt

Ved sida av å tenkje på valutakurs, bør du sjå på sjølve kostnadsnivået dit du skal. Står valet ditt mellom to ulike euroland, er valutakursen lik. Prisnivået mellom landa er ikkje nødvendigvis det same.

Spania og Portugal er framleis rimelege land å bu, ete og leve i samanlikna med Noreg. Samtidig særmerkjer Kroatia, Bulgaria og Polen seg som «nye» rimelege reisemål. I februar kunne Apollo vise til at salet til Kroatia har auka med 55 prosent, medan Ving har auka kapasiteten med 1.500 reiser til same land. Begge reiseselskapa opplyser om fullbooka hotell i juli, men vel du alternativ til dei tradisjonelle charterferiane, er det framleis moglegheiter for ein rimelege ferie.

Har du hugsa reiseforsikring? Kjøp i dag og få 10 prosent rabatt

 

Tyrkia framleis rimeleg

Ser du ut av Europa, særmerkjer Tyrkia seg som eit veldig rimeleg ferieland. Ikkje berre er prisnivået generelt lågt samanlikna med Noreg, men den tyrkiske lira er litt rimelegare no enn den var i fjor sommar. Den tyrkiske lira har falle jamt mot krona dei siste ti åra. I 2005 kosta ein tyrkisk lire fem norske kroner. I skrivande stund må du ut med cirka tre kroner.

LES OGSÅ: Unngå valutafella i utlandet

Langtur? Vel Sør-Amerika eller Asia

Dollarkursen svir i norske lommebøker, men kva med å rette blikket mot andre kontinent?

Land som Brasil og Argentina er i utgangspunktet rimelege ferieland for nordmenn. Vel du å leggje ferien til Brasil, er turen rundt 21 prosent rimelegare enn for eitt år sidan. Grunnen er at valutaen har gått motsett veg og dermed faktisk svekka seg mot krona.

Også Asia kan by på rimelege feriemål. Thailand har omtrent 40 prosent av norske prisar, og valutaen har halde seg nokså stabil mot norske kroner. Vietnam på si side er enda rimelegare, med eit prisnivå på ein tredjedel av det norske. I Malaysia betaler du omtrent halvparten så mykje som i Noreg.

Ikkje bestilt ferie enno? Her kan du sjå kvifor turen bør betalast med kredittkort

Dette kostar det

Den engelske avisa «The Economist» utarbeider den såkalla Big Mac-indeksen, der dei samanliknar prisen på ein Big Mac frå McDonalds i ulike land. Under følgjer tal for juli 2016, omgjort frå dollar til norske kroner, slik dollarkursen var i slutten av april 2016.

Noreg: 44,56 kroner
USA: 42,16 kroner
Storbritannia: 36,09 kroner
Spania: 32,16 kroner
Brasil: 28,65 kroner
Portugal: 27,63 kroner
Vietnam: 22,83 kroner
Polen: 20,27 kroner
Malaysia: 15,56 kroner