4 kjappe
-
Kva får eg ut av ein prat med rådgivar?Vonleg svært mykje. Sjølv om du har orden på økonomien din, kan det henda du manglar ein overordna plan? I eit rådgivarmøte får du oversikt over alle delane av økonomien din, og saman legg du og rådgivaren ein god plan for framtida. Tema er alt frå små kvardagsendringar til korleis du forsikrar liv og helse.
-
Kva skjer i eit rådgivarmøte?I eit rådgivarmøte er det vanleg at de går gjennom ting som:
- Status. Korleis er økonomien i dag?
- Kva om noko skjer? Er du godt nok forsikra for alvorleg sjukdom i familien din.
- Framtida. Har du byrja å spara til pensjon eller andre ting?
- Forsikring av hus og eigedelar.
- Kvardagsøkonomi. Korleis brukar du banken i det daglege? Kjenner du til ting som Smartspar-appen og kontaktlaus betaling?
-
Fleire gode grunnar til å velja den lokale rådgivarenDei fleste rådgivarane våre er autoriserte gjennom ordninga til FinAut, følgjer reglane deira for god skikk, og øver på etikk kvart einaste år. I tillegg kjenner ofte rådgivaren i lokalbanken deg og situasjonen din frå før, og er personleg oppteken av at du skal velja det som er best for deg. Mange av desse temaa er for store og viktige til at du kan googla deg fram til svar. Etter ein rådgivarsamtale og ein kaffikopp, kan du vera trygg på at «alt er på stell» økonomisk.
-
Seks nyttige ting å vita om rådgivarmøte
- Kven; Vi finn ein av dei dyktige autoriserte rådgivarane våre i tråd med det du treng. Dersom du ønskjer det, kjem dette òg til å vera den faste kontakten din framover.
- Varigheit; Møtet varer kring ein time
- Kvar; I lokala til banken eller på telefon
- Pris; Rådgivarmøtet kostar ikkje noko
- Førehandskunnskapar; Ingen
- Ta med; Kodebrikke eller BankID på mobil. Pass kan vera nyttig om det er første gongen du besøkjer oss