Aktiv Eiendoms kundeundersøkingar viser at kundane ofte kan vere frustrerte når dei er på bustadjakt.

– Eit godt tips når du skal kjøpe bustad, er å bruke banken for det han er verd. Ein god relasjon til banken og tillit til ein eigedomsmeklar med god lokalkunnskap, kan vere heilt avgjerande for korleis prosessen blir, seier Karianne Amlie, eigedomsmeklar hos Aktiv Grønland/Bjørvika og programleiar i Boligjakten på TV3.

Mange går nemleg på visningar uten at dei eingong har vore i kontakt med banken sin.

- Mitt råd er: Gå til banken aller først. Dette er ikkje berre ein stad der du kan få mellomfinansiering eller lånebevis. Der hjelper dei deg også meir enn gjerne med å setje opp eit totalbudsjett for den nye økonomiske kvardagen din, understrekar Amlie.

Viktig samarbeid mellom meklarkontor og banken

Den erfarne meklaren meiner banken på mange måtar er den viktigaste støttespelaren din i prosessen med kjøp og sal av bustad. Til dømes er mange usikre på tidspunkt for overtaking. Dette avheng jo av om du sjølv skal selje, eller om du har oppseiingstid i eit leigeforhold.

- Bruk banken til å leggje ein plan, oppfordrar Amlie.

Ho opplever ofte at seljarar uroar seg for om dei får nok for bustaden sin. Kjøparar er på si side redde for å kjøpe katta i sekken, og treng stadfesting på at vala dei gjer er rette. Derfor er samarbeidet mellom eigedomsmeklarane i Aktiv og rådgjevarane i banken viktig.

- Det gjer prosessen trygg og enkel for kundane. Vi som meklarar stør rundt kjøp og sal, og sørgjer for at dette går føre seg på ein trygg og god måte. Men det er banken som kjenner heile historia til kunden, og som kan ta den viktige samtalen rundt langsiktigheit og økonomi, seier Karianne Amlie.

Viktige kaffikoppar

Karianne Amlie er ikkje i tvil om at ein kopp kaffi og ein prat med dei som kan marknaden og har oversikt over alle moglegheitene, kan gjere ein stor forskjell for kor slitsom prosessen blir. Gode råd treng ikkje vere dyre.

- Ein god meklar kan hjelpe deg å sortere i prioriteringane dine. Mest sannsynlig vil ingen bustad oppfylle alle ønska dine, og då må du velje, seier ho.

Samstundes kan ein kaffikopp med rådgivaren i banken hjelpe deg med å ta dei rette økonomiske avgjerdene.

- Du ønskjer å finne draumebustaden, samstundes som du ikkje vil bu deg i hel. Du skal jo òg ha rom for å leve, understrekar Amlie.