Det er flott å eige eigen bustad, men det kan også føre med seg nokre ekstra bekymringar. Med på kjøpet kjem nemleg også nedbetaling av lån, kommunale avgifter og ein heil haug andre små og store utgifter. Er det formuesskatt der du bur? Og kva gjer du når vaskemaskinen og kjøleskapet streiker samstundes, og det er tre veker til lønning?

Følg desse råda og senk skuldrane:

1. Lag deg eit budsjett
Dette rådet har du høyrt tusen gonger før, og det er det ein enkel grunn til: Det funkar. Gå gjennom kontoutskriftene for dei siste månadane, og sjekk kvar pengane dine hamnar. Kvar går det an å spare inn litt? Noter deg også når rekningane kjem.

2. Skaff deg ein buffer
Kva gjer du når vaskemaskinen og kjøleskapet streikar samstundes? Som tommelfingerregel bør du ha pengar tilsvarande to månadsløner tilgjengeleg på ein vedlikehaldskonto. Då er du klar for kvardagens små tilbakeslag.

3. Kjøp forsikring
Dette er den beste måten å skaffe seg betre nattesøvn på. Ei god bustadforsikring syter for at du ikkje står på berr bakke om noko hender med bustaden din. Hugs også å ta vare på det som er innanfor dei fire veggane i heimen: Ei innbuforsikring erstattar skadar på tinga dine.

4. Sjekk skattereglane
Finn ut om din kommune har eigedomsskatt på bustad, og kor høg han eventuelt er. Som ny bustadeigar er det uansett aller viktigast å ha kontroll på kor mykje renter du betalar. Du har nemleg rett på tusenvis i skattelette, men då er det viktig at tala er rett oppførte i sjølvmeldinga di.

5. Kutt straumkostnadane
Dette er ei av dei største utgiftspostane du har som bustadeigar. Sjekk kva pris du har hos straumleverandøren din og undersøk kva konkurrentane tilbyr. Eit oversyn laga av Smarte Penger viser at lys, oppvarming og varmtvatn står for over 80 prosent av straumforbruket i ein vanleg norsk heim. Det luraste du kan gjere er derfor å senke innetemperaturen, slå av lyset når du forlèt eit rom, og dusje litt raskare.