Kundesenteret jobbar på tvers av alle avdelingar og er bankens ansikt utad. Avdelinga består av eit team på totalt 5 medarbeidarar og me kan tilby varierte arbeidsoppgåver innan daglegbank, betalingsformidling, kundeservice,/-support, rådgjeving, veiledning og støtte til andre avdelingar. Opplæring vil bli gitt.

Kvalifikasjonar / eigenskapar:

  • Høgare økonomisk utdanning
  • God IT-kompetanse og erfaring med bruk av dataverktøy til dagleg
  • Erfaring med kundeservice, daglegbank, og/eller administrativt arbeid er ein fordel
  • Trivest med kundekontakt i eit hektisk miljø, kundeorientert og serviceinnstilt
  • Trivest med å snakka med kundar og opptatt av å skapa gode kundeopplevingar
  • Effektiv , evne til å sjå heilheit og til å få ting gjort
  • Godt humør og fleksibel innstilling

Me tilbyr: Eit triveleg arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, ein kjekk og variert kvardag. Konkurransedyktige betingelsar.

Arbeidsstad vil primært vere Hjelmeland og Tau.

Kontaktperson: Ingvill Hauskevåg Gjertsen. Leiar Kundesenter, tlf. 51 75 44 00. Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål.

Søknadsfrist: 31.10.2021

Søknad samt CV sendes på mail til lasse@hjelmeland-sparebank.no