Kundesenteret jobbar på tvers av alle avdelingar og er bankens ansikt utad. Avdelinga består av eit team på totalt 5 medarbeidarar og me kan tilby varierte arbeidsoppgåver innan daglegbank, betalingsformidling, kundeservice, rådgjeving, veiledning og støtte til andre avdelingar.

Kvalifikasjonar / eigenskaper:

  • God IT-kompetanse og erfaring med bruk av dataverktøy til dagleg
  • Erfaring med service, daglegbank, og/eller administrativt arbeid er ein fordel
  • Trives med kundekontakt i eit hektisk miljø, kundeorientert og serviceinnstilt
  • Trives med å snakka med kundar og skapa gode kundeopplevelsar
  • Effektiv og evne til å få ting gjort
  • Godt humør og fleksibel innstilling

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige betingelsar

Arbeidsstad er Hjelmeland.

Kontaktperson: Ingvill Hauskevåg Gjertsen.

Søknadsfrist: 01.03.2020.  

Søknad samt CV sendes til lasse@hjelmeland-sparebank.no