Strand kommune er eit viktig satsingsområde for oss, og det skjer mykje på Tau for tida. For å komma endå tettare på kundane våre, vil me difor opna eit kontor i R13-bygget på Tau. Her vil det bli ope kvar dag (måndag – fredag), med mulighet for å ha møte med ein rådgjevar, eller få hjelp innan det me kallar for daglegbank (kontoar, bankid, etc). Me håpar å væra på plass i løpet av april-mai månad.
- Me har tru på at dette blir eit godt tilbod til kundane våre seier banksjef, Súsanna Poulsen.