Kundar som har og som dei siste seks månadene har hatt eit innskot på minst 2500 kroner i Hjelmeland Sparebank og som bur i Hjelmeland kommune eller har arbeidet sitt i kommunen, har røysterett.  Upersonlege innskytarar må ha sete i Hjelmeland kommune for å ha røysterett. 

Berre myndige personar har rett til å røysta - på vegne av seg sjølv og andre.  Ingen kan gje meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige innskot og ei som representant for annan innskytar.

Alle med røysterett som nemnd ovanfor, har plikt til å ta i mot val dersom dei ikkje tidlegare har gjort teneste som medlem av forstandarskapet eller styremedlem i minst 1 valperiode.

Det skal veljast 1 medlem og eit varamedlem for perioden 2021-2024

Liste over nåverande medlemer og varamedlemer av forstandarskapet med merknad om kven som er på val, vert lagt ut i sparebanken sitt ekspedisjonslokale og på heimesida på internett.

Valkomiteen vil seinast 2 veker før valet fremja forslag om kandidatar og setja opp valliste. Vallista og anna valmateriell samt valføresegnene vert lagde ut i sparebanken sitt ekspedisjonslokale seinast to veker før valet.

Røysteføre innskytarar kan fremja forslag på kandidatar. Forslaga må sendast valkomiteen seinast 4 veker før valet (21.01.2021), med opplysningar om namnet på kandidaten, fødselsår og -dato, yrke og fullstendig adresse.

Informasjonsmateriale i høve valet vil og verta lagt ut på bankens heimeside på internett, www.hjelmeland-sparebank.no.

 

Dagfinn Svadberg Hatløy

Leiar i forstandarskapet