Sist laurdag stelte Preikestolen Golfklubb i samarbeid med Golden Child-stiftinga, til ei golfturnering for store og små med mål om å samle inn pengar til kampen mot barnekreft. Dette er ei viktig sak og eit flott lokalt initiativ som me ynskje å støtte økonomisk med å gje 5.000 kroner, fortel leiar kundemarked Kathrine Svalestad Veland.

Hjelmeland Sparebank har lenge vore ein aktiv støttespelar for lokalsamfunnet i Ryfylke-regionen. Sist laurdag gjekk den velgjerande golfturnering av stabelen på Preikestolen Golfklubb med god deltaking der inntektene uavkorta gjekk til Stiftinga Golden Child i deira kamp mot kreft hos barn. I alt klarte klubben å samle inn 16.000 kroner. Dette er ei viktig sak og ikkje minst eit flott lokalt engasjement som me ynskjer å bidra med økonomisk støtte til, seier Veland. Stiftinga har som mål å gje økonomisk støtte til forsking, behandling og omsorg for born som er ramma av kreft.

Hjelmeland Sparebank har alltid hatt eit nært forhold til lokalsamfunnet. Me ynskjer å støtte opp om lokale initiativ og velgjerande organisasjonar som i dette høvet Stiftinga Golden Child. Initiativ som dette frå lokale eldsjeler gjer ein skilnad i kvardagen for mange. Det heier me på, avsluttar Kathrine Svalestad Veland som takkar eldsjelene i Preikestolen Golfklubb for initiativet og deira støtte til ein så viktig sak!

For meir informasjon om Stiftinga Golden Child, kan du besøke dei på Facebook. For meir detaljar om golfturneringen, sjekk ut Preikestolen Golfklubb sine Facebook-sider.