Er du på bustadjakt og synest det er er litt vanskeleg å forstå dei ulike orda og uttrykka i bustadannonsar og prospekt. Her er ordboka for deg som er på bustadjakt.

Frå og med 1. januar 2024 gjeld det nye reglar for måling av areal og opplysning av areal i takstrapportar. 

BRA (bruksareal) kan delast opp i tre ulike kategoriar:

  • BRA-i (internt bruksareal)
    Arealet innanfor bueininga.
  • BRA-e (eksternt bruksareal)
    Arealet utanfor bueininga(ne) og som høyrer til henne/dei – til dømes buer.
  • BRA-b (innglasa balkong)
    Arealet av innglasa balkong, veranda eller altan når denne er knytt til bueininga(ne).

I tillegg blir det opplyst om open terrasse/balkong, og i tilfelle der golvareal (GUA) ikkje er måleverdig, eller der det er areal med låg himlingshøgd (ALH). GUA og ALH kjem eventuelt i skildringa.

  • TBA (terrasse- og balkongareal)
    Arealet av terrassar, opne balkongar og open altan som er knytt til bueininga. I dette arealet inngår også open veranda eller altan m.m.
  • GUA (golvareal)
    Ikkje måleverdige golvareal på grunn av skråtak og låg himlingshøgd. Kan førast opp som tilleggsinformasjon. GUA blir ført opp som ein sum av BRA (bruksareal) og ALH (areal med låg himlingshøgd).
  • ALH (areal med låg himlingshøgd)
    Areal med låg himlingshøgd (ALH) blir målt på same måtet som BRA, men ein ser vekk frå krav til himlingshøgd. ALH skal opplysast saman med BRA. Sjå GUA ovanfor.

Ulike leilighetstyper:

  • Andelsleilegheit:
    Ei leilegheit som er knytt til ein andel i eit burettslag.
  • Aksjeleilegheit 
    Leilegheit i ein bustadeigedom som er organisert som aksjeselskap.
  • Sjølveigarleilegheit
    Du har einerett til å bruke sjølve leilegheita, men heile eigedomen blir ått saman med andre seksjonseigarar.

Prisar og kostnadar:

  • Prisantyding
    Prisen seljaren og meklaren forventar å få for bustaden.
  • Verditakst
    Bustaden sin marknadsverdi. Taksten blir satt av ein takstmann.
  • Fellesgjeld
    Det er den gjelda burettslaget har felles. Andel fellesgjeld er den delen av fellesgjelda som kvar enkelt leilegheit står ansvarleg for.
  • Felleskostnader
    Blir ofte kalla husleige «og» dekkjer ting som straum til fellesareal, snøbrøyting og liknande.

Andre ord og uttrykk:

  • Gjenbuarar
    Vert ofte bruk om bygning eller bustad med innsyn til ein annan bustad, for eksempel over gardsrommet i bygårder.
  • Dokumentavgift
    Avgift til staten når eigedomsretten til fast eigedom blir tinglyst. Den blir betalt av kjøpar og utgjer 2,5 prosent av kjøpesummen. Gjeld ikkje ved kjøp av andels- eller aksjeleilegheit.
  • Energimerking
    Ei ordning for å evaluere bygget sin energikvalitet. Går frå A (best) til G (dårlegast).