Koronaviruset - kva dekker forsikringa?

Vi har stor pågang på telefonen, det er fint om du ikkje ringjer oss dersom det ikkje er akutt, men bruker tenestene våre på nett. Vi følgjer styresmaktene si oppfordring og jobbar også heimanfrå.

Har du helårs reiseforsikring?

Heilårs reiseforsikring dekkjer kostnadar til avbestilling av bestilte utanlandsturar

Eika heilårs reiseforsikring dekkjer avbestilling av utanlandsreiser knyta til Covid-19.

Du treng ikkje melde saka di til oss før avreisetidspunktet har vore. Då veit du kor mykje som blir refundert av reisearrangør og flyselskap.

Vi anbefaler deg å vente med å melde skade, til reisearrangør eller flyselskap har kansellert reisa di. Då har du rett på tilbakebetaling frå arrangøren eller flyselskapet. Beløp som ikkje blir refundert av reisearrangøren eller flyselskapet kan du søkje om å få dekka av Eika.

Du kan melde saka di inntil eitt år etter at den har oppstått.

Avbestilling av planlagt reise

Utanriksdepartementet (UD) rådar frå å gjennomføre reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land i heile verda. Rådet gjeld til 20. august med følgjande forbehald:

  • Innan 15. juni blir det vurdert om det skal bli gjort unntak for reiser til dei nordiske landa.
  • Innan 20. juli blir det vurdert om det skal bli gjort unntak for reiser til enkelte nære europeiske land.

Eika dekkjer utgifter til avbestilling av reiser til utlandet som du ikkje får dekka av andre så lenge det er eit gyldig reiseråd på avreisetidspunktet.

Det betyr:

  • Reiseforsikringa dekkjer avbestilling av reiser i Norden med avreisedato fram til 15. juni.
  • Reiseforsikringa dekkjer avbestilling av reiser i Europa med avreisedato fram til 20. juli.
  • Reiseforsikringa dekkjer avbestilling av reiser til resten av verda med avreisedato fram til 20. august.

Vi forlengjer dekninga så lenge det føreligger reiseråd frå UD.

Vi dekkjer ikkje avbestilling av innlandsreiser.

Dette gjer du:

  • Sjekk at dato for bestilling av reise er før 12. mars 2020 (vi dekkjer ikkje avbestilling av reiser bestilt etter 12. mars 2020).
  • Vi vil gjerne at du avventar fram til avreisedato før du avbestiller reisa. Først då vil du vite kva for refusjon du kan få frå flyselskap eller reisearrangør. Vi kan ikkje behandle saka di før dette er avklart.
  • Ved innstilt flyreise har du rett på tilbakebetaling frå flyselskapet. Du bør vente og sjå om flyavgangen blir innstilt og så søkje refusjon frå flyselskapet. Informasjon om dine rettar og refusjon (forbrukerrådet.no).

Verdikupongar

  • EU-kommisjonen har opna for at flyselskapa kan tilby verdikupongar i staden for tilbakebetaling, men dei er også tydeleg på at du framleis kan krevje tilbakebetaling. Dersom du har fått cashpoints, bonuspoeng eller verdikupong av flyselskapet, kan du bruke desse på ei ny reise seinare. Ofte kan verdikupongen innløysas i pengar ved utløpsdato. Du vil ikkje få erstatning frå forsikringa i tillegg.

Pakkereiser

  • Pakkereiser blir refundert av reisearrangøren dersom Utanriksdepartementets reiseråd gjeld for ditt reisemål og din reiseperiode. Normalt skal reisearrangør betale tilbake innan 14 dagar. Det er i midlartid vedtatt ei mellombels forskrift som utset freista til tre månader for avbestillingar fram til 14. juni. Regjeringa vil samtidig kome med ei støtteordning slik at reisearrangørar kan betale tilbake kundane sine. Informasjon om rettar vedr. pakkereiser (forbrukerrådet.no).

Beløp du ikkje får refundert kan du søkje om å få dekka hos Eika.

Vi er her for deg

Meld skaden din her eller kontakt oss på telefon 915 03 850 (tast 2). Merk: det er ei stor mengde saker som blir meldt til oss. Du må difor pårekna lengre saksbehandlingstid enn normalt.

Spørsmål og svar