Vent med å bestille utlandstur
Dei aller fleste landa i verda er framleis raude. Utanriksdepartementet (UD) rår mot reiser til alle land utanfor Noreg som ikkje er strengt nødvendige. Dette reiserådet gjeld til 1. mars 2021, med unntak av land i EØS/Schengen som er markert gult på FHI sitt kart. - Grunnen til dette er sjølvsagt smittefaren, men òg fordi det kan bli utfordrande å få medisinsk hjelp dersom noko skulle skje deg på reisa, held fram Heyerdahl.

Kva er eigentleg ein «strengt nødvendig reise»?
Regjeringa seier følgjande om strengt nødvendig reise: Utanriksdepartementet gir offisielle reiseråd når det er grunn til å rå nordmenn frå å reisa til eit bestemt land, område eller ein region, eller til å forlata staden. Offisielle reiseråd blir gitte og blir oppheva etter ei heilskapsvurdering av situasjonen for norske borgarar. Eit reiseråd er eit råd, ikkje eit forbod. UD kan heller ikkje garantera for at reiser eller opphald er trygge å gjennomføra. Det er opp til den enkelte å vurdera om dei skal reisa eller ikkje.

Hugs at reiseforsikringa di gjeld i Noreg
Du treng ikkje seia opp reiseforsikringa di sjølv om utlandsturen går ut i næraste framtid. Hugs at vår helårs reiseforsikring òg er ein ferie- og fritidsforsikring og gjeld så fort du forlèt portstolpen heime, medan ulykkesforsikringa gjeld heile døgnet, også heime.

Avbestilling – når bør eg gjera det?
Dersom du allereie har bestilt ein tur, tilrår vi deg å venta med å avbestilla inntil tidlegast 14 dagar før reisa. Årsaka til det er at reiserådet frå styresmaktene gjeld for 14 dagar om gongen, avsluttar Heyerdahl.