Blir det campingvogn til Sørlandet, biltur til Nordkapp, sydentur eller avslapping heime i hagen? 

Etter nokre år med Norgesferie på grunn av korona, har mange blitt glad i å feriere i vårt eige land. Norgesferie byr på unike moglegheitar til å utforska alt som det flotte landet vårt har å by på av langstrekte fjordar, høgreiste fjell og lyse sommarnetter.

Desse råda bør du hugsa på når du pakkar kofferten i sommar:

1. Hugs reiseforsikring
Sjekk at du har gyldig reiseforsikring. Reiseforsikringa gjeld i det du dreg heimenfrå og dekkjer dei aller vanlegaste uhella du kan oppleve på reise.

Les meir om reiseforsikringa vår her. 

2. Dersom uhellet er ute - meld skade
Du kan enkelt melde skade digitalt eller kontakt oss på telefon: 915 03 815.

Skulle du vera i utlandet, tilrår vi at du tar kontakt med Eikas forlengde arm SOS International. Via dykkar døgnope alarmsentral får du hjelp uansett kvar du er.

3. Hald deg oppdatert på UD sine reiseråd
Utenriksdepartementet skal sørgje for at det er trygt å reise utanlands for nordmenn. Når UD går ut med reiseråd, meiner dei at det ikkje er trygt å reise. Årsaka til dette kan være mange, som for eksempel pandemiar, krig og uro. Her ser du kva reiseråd som gjeld til en kvar tid.

4. Berekn god tid på flyplassen
I sommar er det lange køer i sikkerhetskontrollen på fleire flyplasser i Europa. Det meldes om lengre køar og meir ventetid, og årsaka er redusert bemanning etter permitteringar frå då Korona stod på som verst. Vi tilrår deg derfor å rekne ekstra god tid når du skal ut å reise. Dersom du ikkje rekk flyet ditt på grunn av kø i sikkerhetskontrollen vil det ikkje vere omfatta av reiseforsikringa di.

Ta vare på tryggleiken i ferien!