Ski- og snowboardkøyring er forbundet med ein viss fare. Hugs ansvaret ditt og køyr under full kontroll.

1. Ansvar for å unngå skade
Forhold deg slik at du ikkje skader deg sjølv eller andre.

2. Avpass farten etter forholda
Avpass fart og køyremåte etter ferdigheiter, terreng, føreforhold og trafikk i bakken.

3. Vikeplikt
Kjem du bakfrå (ovanfrå), har du ansvar for å unngå kollisjon.

4. Forbikøyring og utforkøyring
Det er forbode å køyre rett utfor unnateke under organisert trening. Køyrer du forbi en annan skiløpar eller snowboarder, må du gje vedkomande tilstrekkeleg plass for både kontrollerte og ukontrollerte rørsler.

5. Starte, køyre inn i eller svinge oppover i nedfarten
Køyrer du inn i eller svingar du oppover i ein nedfart, må du sørgje for at dette skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for køyring etter stans.

6. Stopp i nedfarten
Stopp ikkje opp eller sitt på tronge eller uoversiktlege plassar.

7. Til fots i nedfarten 
Er du til fots, må du berre nytte ytterkantane av bakken.

8. Skistopparar og fangremmer
Skistopparar/fangremmer er påbodne. Kontroller at bindingane er riktig innstilte.

9. Respekter skilt
Følg skilting, merking og ansvisningar.

10. Hjelp til ved ulukker
Ved skadar har einkvar plikt til å hjelpe. Vitne og medverkande plikter å oppgje personalia.