Kor lang tid skadeprosessen tek og når du kan få utbetalt erstatninga, kjem mellom anna an på omfanget av skaden. Som regel blir ikkje erstatninga utbetalt før alle dei nødvendige undersøkingane er avslutta. 

Det er tre ting som legg grunnlaget for kva du får i erstatning: 
  • Opplysningar om skade (gitt av deg). 
  • Utrekningar utførte av takstmann eller ein annan fagperson. 
  • Eventuell fakturadokumentasjon. 

Ein reknar ut erstatningssummen etter kor mykje det kostar å reparere skadane eller få huset i same stand som det var før skaden skjedde. 

Kva er skilnaden på bygning, innbu og lausøyre? 
Innbu og lausøyre er lause gjenstandar og ting, som du tek med når du flytter. Døme er klede og møblar.

Bygning er sjølve bygningskroppen med tilhøyrande veggar, golv og tak. Hovudregelen er at alt som er skrudd fast og som naturleg høyrer til bygningen for at denne skal fungere til føremålet sitt, er å rekne som bygning. 

Kva for frådrag kan du forvente?
Her er det ulike reglar som gjeld. Ein skil mellom aldersfrådrag på bygning og frådrag på lausøyre - basert på tingen sin alder, slitasje, brukstid og bruksverdi. Med utgangspunkt i gjenstanden sin opphavlege verdi, gjeld følgjande frådragsreglar:

Bygning:

  • For skade på tankar, kummar, utvendige leidningar og botnleidningar blir trekt 5 prosent for kvart år utstyrte er eldre enn 20 år.
  • For skade på varmtvasstank, fyrkjele o.l. blir trekt 5 prosent for kvart år utstyrte er eldre enn 10 år.
  • For skade på varmepumpe luft-luft eller luft-vann blir trekt 10 prosent for kvart år varmepumpa er eldre enn 5 år.
  • For skade på varmepumpe jord-luft-vann blir trekt 5 prosent for kvart år varmepumpa er eldre enn 5 år.
  • For skade på boblebad o.l. blir trekt 10 prosent for kvart år gjenstanden er eldre enn 1 år.

 Innbu og lausøyre:

  • For skade på kvite- og brunvarer blir trekt 10 prosent for kvart år etter 7 år.
  • For skade på sykkel/tilhengjar blir trekt 10 prosent for kvart år etter 2 år.
  • Skade på brukte ting, som anten er skaffa ved arv, gåve eller kjøp blir erstatta med summen det kostar å skaffe tilsvarande brukt gjenstand.
  • Skade på datamaskiner, nettbrett og mobiltelefon blir erstatta med blir marknadspridd for tilsvarande brukt utstyr.

Dersom du eig verdifulle samlingar, kunst eller smykke, treng du heldigvis ikkje uroe deg for at det skal bli trekt frådrag. Denne typen gjenstandar blir erstatta i sin fulle verdi.


Kor mykje er det i eigendel? 
Er frådraget høgare enn den avtalte eigendelen, betaler du ikkje eigendel. Standard eigendel er 4 000 kroner, men nokon unntak: 

  • Eigendel ved naturskade er 8 000 kroner (fastsett av departementet). 
  • Eigendel ved vasskadar er 15 000 kroner, dersom bygningen har vore ramma av lekkasjer, vasskadar e.l. dei siste 36 månadene. 
  • Eigendelen ved tjuveri av sykkel og barnevogn er 3 000 kroner. Eigendelen er 500 kroner dersom sykkelen er registrert i Falck Sykkelregister. 
  • Brotskade på bygningsglas, platetopp eller sanitærporselen i bustad – 1 500 kroner.
  • Dersom du leiger ut heile bustaden, og det ikkje er opplysningar om dette i forsikringsbeviset, blir eigendelen auka med 10 000 kroner. 
Når blir eigendelen redusert? 
Får du brann- eller vasskade, eller inbrot i huset ditt, blir eigendelen redusert med 4 000 kroner dersom du har godkjent alarm. Det som gjeld dersom du opplever skade som rammar overspenningsvern eller brann-, innbrot- eller vassalarmar. 

Kvifor blir ikkje momsen utbetalt? 
Momsen er ei utgift staten skal ha. Derfor kan ikkje Eika betale ut denne før den er dokumentert betalt. 

Kva om du er usamd i erstatninga? 
Er du usamd og meiner at vi bør gå gjennom saka ein gong til, tilrår vi at du først og fremst gir ei tydeleg forklaring på kva du er usamd i. Legg i tillegg ved eventuelle nye opplysningar som underbyggjer det du meiner er rett. 

Har du spørsmål om skadeoppgjeret ditt kontaktar du skadehandsamaren din på telefon eller e-post.

Vi er her for deg!