Tal frå Finans Norge viser at det totalt vart meldt inn rundt 13 500 skadar på fritidsbåtar i 2020. Mange forbind kanskje båtskadar med sommar og båtturar, men nesten ein tredel av skadane skjer faktisk i vinterhalvåret.

Det er derfor viktig at du tar forholdsreglane dine når du skal klargjere båten for vinterlagring. Slik kan du nemleg unngå både skadar og slitasje.

Båten treng jamleg tilsyn

Som båteigar er du ansvarleg for at det blir halde tilsyn med båten din, også på vinterstid.

 

Står båten på opplag skal det førast jamleg tilsyn med båten, fortel Ståle Bakke Trodahl, Produktsjef i Eika Forsikring. 

 

Med jamleg tilsyn blir meint minst månadleg i vinterhalvåret og elles ved store nedbørsmengder. Båten skal sjekkast både inn- og utvendig for eventuelle feil, skader eller manglar under opplaget. Kontroll av at båten er forsvarleg oppstøttet og tildekt inngår i tilsynet.

I tillegg er det viktig at du følgjer instruksjonsboka til båt og motor i alle tilfelle, legg Trodahl til.

Tips for vinteropplag

Vinterlagring av båt kan gjerast på ulike måtar. Her finn du Redningsselskapets gode råd til korleis du kan ta godt vare på båten din i vinter.