BankID

Elektronisk legitimasjon
  • Enkel innlogging i nett- og mobilbanken
  • Enkel elektronisk identifisering på nettet

Korleis får eg BankID, og kva brukar eg det til?

Kva brukar du BankID til

Tenåringsjente med laptop
  • Logge inn i mobil- og nettbanken
  • Endre beløpsgrense i Vipps
  • Logge inn hos Lånekassen
  • Logge inn på offentlege nettsider

For å få BankID må du kome innom oss i banken – hugs å ta med deg passet ditt. Foreldra dine (eller verjene dine) må også signere. Dei må også ha med seg pass eller nasjonalt ID-kort.

Etter at du har vore hos oss, vil du få kodebrikka di i posten, men ho er ikkje aktiv endå. For å aktivere henne må du nemleg inn i nettbanken. Her blir du beden om å lage eit passord. Det er viktig at du brukar eit passord du ikkje har brukt frå før, at du hugsar passordet ditt, og at du ikkje deler det med andre.

Når det nye passordet er lagra, har du din eigen BankID. Pass godt på brikka di, og legg henne på ein lur stad du ikkje gløymer.

 
Hugs
  • BankID er personleg – det er ditt digitale eg.
  • BankID-passordet er eit passord du ikkje brukar andre stader. 
  • Del aldri BankID-passord med verken familie, vener eller andre du stolar på. Det gjeld også banken din eller politiet.
  • Ha kodebrikka di ein stad berre du veit om.
  • Kontakt oss med ein gong dersom du trur at nokon kan passordet ditt, eller du har mista kodebrikka di.