Reklamasjon ved svindel eller tvist

Har du fått belasta ein sum dobbelt, ikkje motteke vare etter bestilling på internett eller er utsett for svindel på Visakortet eller Mastercardet ditt kan du be om å få tilbakebetalt beløpet gjennom reklamasjon. Her kan du laste ned eigenerklæring ved reklamasjon dersom du ikkje har BankID.

Kva kan du reklamere på?

- Du kan reklamere på transaksjonar frå fysiske forretningar, minibankar eller nettbutikkar.

- Årsaka til reklamasjonen kan til.dømes vere at ei vare du har bestilt ikkje er levert, at vara ikkje er som skildra eller at nokon har misbrukt kortet ditt.

- Du kan berre reklamere på transaksjonar knytt til eitt kort om gongen. Om du ynskjer å reklamere på transaksjonar knytt til fleire kort må du levere ein reklamasjon for kvart kortnummer.

Reklamasjon ved svindel eller tvist

Har du fått belasta ein sum dobbelt, ikkje motteke vare etter bestilling på internett eller er utsett for svindel på Visakortet eller Mastercardet ditt kan du be om å få tilbakebetalt beløpet gjennom reklamasjon. Reklamasjonen leverer du ved å fylle ut aktuell eigenerklæring ut frå kva årsak som ligg til grunn for reklamasjonen din. Er du blitt utsett for svindel eller er kortet ditt stole eller misbrukt skal du nytte eigenerklæring ved svindel. Er du ueinig i beløpet du er blitt belasta, ikkje har motteke ei vare eller teneste eller ikkje motteke pengar i ein minibank skal du nytte eigenerklæring ved tvist.

Vilkår, tidsfristar og personvern