Sjekk om betalingsterminalen støttar kontaktlause betalingar – gjer ein test med eit kontaktlaust kort. Pass også på at smarttilbehøyret er rett plassert i forhold til betalingsterminalen når du skal betala.
Du kan også sjekka om kortet ditt er kopla til smarttilbehøyret ditt ved å bruka Fidesmo-appen eller ved å ringja kundesenteret.
Viss du har eit nytt plastkort som ikkje er nytta i terminal før, er det viktig at du bruker dette ein gong i terminal og tastar PIN-kode før du aktiverer ringen eller anna smarttilbehøyr.
Hugs at det også er viktig korleis du betalar med ringen. Held du handa i rett posisjon? Gå inn på gotapster.com og sjå korleis du skal halde handa når du betalar med ringen eller anna smarttilbehør.