Dei fleste ungar synest det er lettare å lære om pengar ved å ha noko konkret å sjå på. Når dei er små, er det lurt å ta ut pengar i kontantar og gje ungane høve til å betale med kontantar og sjå kva ting faktisk kostar. Snakk med barnet om kva ting kostar, som mjølk, brød, is og brus. Forklar gjerne at ved å kjøpe noko for 100 kr, må ein jobbe i så og så lang tid. 

Når barnet blir større og får bankkort, er det vanskeleg å sjå føre seg korleis pengane går inn og ut av ein konto. Med tilgang til Eika Mobilbank kan ungane sjølve følgje med på saldoen og sjå over transaksjonane sine. 

Gje oppgåver og lommepengar

Snakk med ungane om kva ting kostar, og vis dei at dei må prioritere pengane dei har. Dersom du gjev ungane enkle oppgåver i heimen, får dei i tidleg alder eit forhold til at pengane ikkje kjem av seg sjølve. Set gjerne opp ei løningsliste som «Lufte hunden = 20 kr» eller «Rydde av bordet = 5 kr». Det finst ulike appar som gjer at ungane kan leggje inn oppgåvene dei gjer, og halde oversikt sjølve over kor mykje dei har tent. 

Gje sparemål

Å setje seg eit mål for å spare er lurt for ungane. Då får dei eit meir medvite forhold til kor lang tid det tek, og kor mykje dei må spare for å få råd til ulike ting. Last ned eit sparebudsjett som du kan sjå på saman med barnet. Sjå budsjettmalen her.

7 tips til å snakke med ungane om pengar:

  • Snakk om kva ting kostar. Kor mykje får dei for 100 kr?
  • Gje ungane oppgåver for lommepengar.
  • Set økonomiske grenser.
  • Gje dei verktøy for å følgje med på eigen konto.
  • Lær dei større ungane å spare til noko dei ønskjer seg.
  • Hjelp til med å setje opp enkle budsjett og å gjere prioriteringar.
  • Snakk om familieøkonomien med ungane.