Med ungdomskortet i handa er ungane klare for å bli meir sjølvstendige og øve seg på å gjere gode val. Men det er viktig å lære ungane kva dei bør tenkje på etter kvart som dei brukar kortet meir og meir i kvardagen og på nettet.

Trygg på nettet

Ungane brukar mykje tid på nettet, og mykje av det sosiale skjer på appar, spel og internett. Når ein stor del av kvardagen blir brukt på nettet, er det stadig fleire fallgruver å gå i. 

Pengane er personlege

Lær barna at pengane er personlege. Det er hyggjeleg å dele med vener, men når det gjeld pengar, kan det vere lurt å ikkje dele. Dei litt større ungane handlar gjerne med venegjengen på butikken eller legg ut for ein smoothie på kjøpesenteret. Det er ei kjip kjensle når dei ikkje får tilbake det dei har lagt ut for. Ungane kan synast det er ubehageleg å spørje eller mase på vener som ikkje betalar tilbake. Snakk med dei om skilnaden mellom å spandere ein is på ein ven og å låne vekk pengar.

Ikkje send pengar til ukjende

Det er stor skilnad i modenskap i gruppa 13–18 år, og med det er det også skilnad i forståing for konsekvensar av det ein gjer på nettet. 
Dei kan oppleve å få SMS-ar frå ukjende nummer som sender lenkjer. Dei kan også få oppringingar frå personar som seier dei er frå banken eller politiet. Snakk med barnet om at dei aldri må opplyse om kortnummer, PIN-kodar eller andre personlege opplysningar når nokon ringjer.

Vis omsyn og respekt – også på nettet!

For mange er det trygt å gøyme seg bak ein skjerm, og dei seier kanskje andre ting enn dei ville tort å seie høgt. Det er lurt å ha nokon klare køyrereglar for korleis ein oppfører seg på nettet. 

Nettvitreglane til Redd Barna

  • Vis respekt for kvarandre på nettet. Mobbing på nettet er minst like alvorleg som anna mobbing.
  • Tenk deg om før du deler personlege bilete og opplysningar om deg sjølv og andre på opne nettstader.
  • Lag eit passord som er vanskeleg å gjette – passordet ditt er privat.
  • Hugs at det er lett å lyge på nettet – ikkje tru på alt som andre skriv.
  • Ta med nokon du stolar på, dersom du skal møte nokon du har blitt kjend med på nettet, og møt dei på ein offentleg stad.
  • Avslutt kontakten dersom du blir redd eller opplever noko ubehageleg. Blokker kontakten og meld frå til dei som har ansvaret for nettstaden.
  • Fortel det til ein vaksen eller ein annan du stolar på, dersom du opplever noko ubehageleg. Det er ikkje di skuld om nokon andre gjer noko 
    ubehageleg mot deg på nettet.
Les meir om godt nettvit her (ekstern lenkje)