Med Juniorkortet i handa er ungane klare for å bli meir sjølvstendige og øve seg på å gjere gode val. Men det er viktig å lære dei kva dei skal tenkje på, allereie i dag. 

Trygg på nettet

Dei aller fleste barn har tilgang til nettet anten på eigen iPad, telefon eller gjennom å låne frå ein vaksen. Med Juniorkortet er det allereie ei sperre for netthandel, slik at barnet ikkje kan bruke kortet sitt på nettet. 
Dersom barnet har tilgang til ein mobil der eit betalingskort kan brukast på nettet, er det ekstra viktig å alltid skru på passord, slik at barnet ikkje kan laste ned spel eller gjere kjøp i spel utan lov frå den vaksne. 

Pengane er dine

Lær barnet at pengane er personlege. Det er hyggjeleg å dele med vener, men når det gjeld pengar, kan det vere lurt å ikkje dele. Dei litt større ungane handlar gjerne med venegjengen på butikken eller legg ut for ein smoothie på kjøpesenteret. Det er ei kjip kjensle når dei ikkje får tilbake det dei har lagt ut for. Ungane kan synast det er ubehageleg å spørje eller mase på vener som ikkje betalar tilbake. Snakk med dei om skilnaden mellom å spandere ein is på ein ven og å låne vekk pengar.

Ikkje svar på SMS-ar eller ukjende oppringingar

Så fort ungane får sin eigen mobil, kan dei oppleve å få SMS-ar frå ukjende nummer som sender lenkjer. Dei kan også få oppringingar frå personar som seier dei er frå banken eller politiet. Snakk med barnet om at dei aldri må opplyse om kortnummer, PIN-kodar eller andre personlege opplysningar når nokon ringjer. Følg gjerne med på telefonen til ungane for å sjå kven som har ringt eller sendt SMS-ar. 

Vipps

Dersom barnet har lagt inn Juniorkortet i Vipps, kan barnet vipse til vener og familie, men barnet kan ikkje betale i butikk eller på ulike stader som cupar eller stemne. 
Du som vaksen har full oversikt over kven barnet vipsar til, og meldingar som blir sende i Vipps! Dette gjer det mogleg å passe på litt medan ungane lærer seg kva som er lurt å gjere med pengane!

Treng du litt hjelp til å forklare dette for ungane? Sjå dei korte og forklarande tryggleiksfilmane våre her.