Juniorkortet fungerer nesten som eit vanleg bankkort. Kortet kan brukast i minibank og butikk og har uttaks- og kjøpsgrenser. Føresette kan logge seg inn i nett- og mobilbanken og få full oversikt over kortbruken til junior.

  • Ungane lærer sunt kortvit frå tidleg alder.
  • Ungane treng ikkje å ha kontroll på kontantar.
  • Kortet kan brukast kontaktlaust, men det krev alltid PIN-kode. 

Ein milepåle for barnet

Det aller første bankkortet er veldig stas for ungane. Med eige bankkort blir dei med eitt lite grann større. I alle fall veks sjølvkjensla bitte litt med eige kort i handa. 

Føler du at barnet ditt er modent nok for eit bankkort, er det lurt å gje barnet tre gode hugsereglar for å kome i gang. 

  • PIN-koden skal alltid vere hemmeleg. Det gjeld også for personen som sit i kassen på butikken, storesøsken, hunden og bestevenen! Sjølv for bestemor.
  • Lær PIN-koden utanåt. Ikkje skriv han ned og ha han saman med kortet. Då kan nokon bruke kortet dersom barnet er så uheldig å miste det.
  • Pass godt på bankkortet. Ha gjerne ein fast plass du legg det heime, slik at det ikkje forsvinn blant Pokémon-kort eller gamle teikninga