Ungdomskortet fungerer nesten som eit vanleg bankkort. Kortet kan brukast i minibank og butikk og har uttaks- og kjøpsgrenser. Føresette kan logge seg inn i nett- og mobilbanken og få full oversikt over kortbruken til junior.

  • Ungdommen lærer sunt kortvit frå tidleg alder.
  • Ungdommen treng ikkje å ha kontroll på kontantar.

Kortet kan brukast kontaktlaust og kan brukast på internettkjøp. Det er mogleg å setje ei sperre for nettkjøp i mobil- og nettbanken. 

Med ungdomskortet har ungane meir fridom.

Dei kan sjølve betale for ein smoothie, lunsj eller skulesaker med eit kort som fungerer overalt. Lær ungane tidleg korleis dei handterer sine eigne pengar. Snakk gjerne med ungane om økonomi. Les tipsa våre her.  

Det er lurt å gje barnet tre gode hugsereglar for å kome i gang med eige kort.

  • PIN-koden skal alltid vere hemmeleg. Det gjeld også for personen som sit i kassen på butikken, storesøsken, hunden og bestevenen! Sjølv for bestemor.
  • Lær PIN-koden utanåt. Ikkje skriv han ned og ha han saman med kortet. Då kan nokon bruke kortet dersom barnet er så uheldig å miste det.
  • Pass godt på bankkortet. Ha gjerne ein fast plass du legg det heime, slik at det ikkje forsvinn blant Pokémon-kort eller gamle teikningar.

Vipps

Med Vipps kan barnet sende og ta imot pengar. Som forelder har du full oversikt over vipsinga og meldingane til barnet i eigen app. Er barnet over 15 år, kan det også betale med Vipps på stemne, på cupar og i butikkar. Les meir om Vipps for barn her.