Store snømengder gir òg store vassmengder. Her får du difor tips til korleis du best kan sikre deg ved flaum.
Slik sikrar du deg ved flaum:
- Sørg for at avlaup og kummer er opne slik at vatnet har fritt leie.
- Sjå til at nærliggjande bekkar ikkje er demma opp av lausøyre eller andre gjenstandar.
- Fjern store kvistar og gjenstandar som kan hindra fri vassførsel. Flytt dei til ein stad kvar dei ikkje kan bli tatt av vatnet.
- Ved flaumfare, rydd for lause materialar, rundballar og andre gjenstandar som kan bli tatt av vatnet.
- Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar, fjøs, garasje eller andre bygningar, bør gjenstandar bli løfta opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastboksar som tola vatn.
- Fjern lause tepper og anna laust golvbelegg. • Hald dører og vindauge til kjellar og loft lukka. Dekk til med sandsekkar om nødvendig.
- Følg med på nyhendesendingar og meldingar frå lokale styresmakter. Ved store hendingar kan det bli iverksett tiltak frå styresmaktene.
- Avtal med naboar eller venner om å foreta tiltak og hald auga med garden eller bygningane dine dersom du ikkje er heime.
Kjelde: Finans Norge
Er du allereie ramma av flaum? Fortvil ikkje, vi gir deg tips til korleis du kan avgrensa skadane.