Ikkje nødvendigvis eit økonomisk motiv

- Då dataangrepsforsikring dukka opp i marknaden for nokre år tilbake, handla det meste om å sikre seg mot kriminelle som hadde eit økonomisk motiv for å angripe verksemda di. I fjor sommar, derimot, oppdaga vi eit stort skifte innanfor såkalla cyberkriminalitet. Angrepa blei enda vanskelegare å stoppe enn tidlegare, med eit motiv som ikkje berre var økonomisk, fortel Trond Anders Fossum, Produktsjef Næring i Eika Forsikring. 

Kva bransjar er utsett

- Tidlegare var det enklare å peike på kva selskap og bransjar som var mest utsett. Slik er det ikkje lenger. 

Det einaste som er sikkert, er at alle bedrifter som nyttar seg av pc-er og/eller internett kan risikere å bli angrepet. 
Dette handlar om å forsikre noko av den aller viktigaste bedrifta har, dataa og datasystema til, bedrifta, fortel Trond Anders som tilrår dette produktet til alle næringslivskundar.

Dataangrepsforsikring vernar bedrifta di

Dataangrepsforsikring skal sørgje for å verne bedrifta di med både gjenoppretting av data og erstatning ved avbrot ved dataangrep. Produktet omfattar hendingar som vondsinna angrep mot maskiner og system, menneskelege feil, tjuveri av data samt skade forårsaket av :malware og såkalla Denial of service kor nettsider blir overfløymde av trafikk. 

Ta kontakt med den lokale rådgivaren din for å høyre meir om Dataangrepsforsikring.