EPSI Noreg gjennomfører kvart år ein studie av den norske bankbransjen. Undersøkinga baserer seg på rundt 3.500 djupneintervju per telefon med privatpersonar og bedriftskundar i Noreg. Bankane blir undersøkt frå august til september, medan tala blir lagt fram tidleg i oktober.

Beste bedriftsbank

Studien viser at Eika-bankane på bedriftsmarknaden held ei klar leiing med 73,5 prosent, fylgd av Handelsbanken på 69,9 prosent.

Bedriftene si tilfredsheit med banknæringa har vore på om lag same nivå sidan EPSI starta bedriftsmålingane i 2005, men det er tydeleg at særleg dei mindre bedriftene etterlyser meir kontakt med banken sin.

- Difor er vi veldig godt nøgde med å bli kåra til beste bank for bedriftsmarknaden i år igjen. For bedriftskundane, og kanskje særleg for dei aller minste, spelar lokalbanken ei svært viktig og avgjerande rolle, seier Trude Sæther Hansen, direktør Bedriftsmarknad i Eika Gruppen.

Like mykje rådgjevar som bankmann

Bankane i Eika Alliansen legg vekt på at lokalt nærvær er viktig. Både små og store bedrifter skal ha eit bankkontor som kjenner deira lokalsamfunn og dermed også nedslagsfeltet til bedriftene. Bankane har eigne bedriftsrådgjevarar som er klare til å gå gjennom heile forretningsverksemda saman med bedriftsleiinga når det er behov for det.

- Det høyrast kanskje rart ut, men nokre få kilometer har mykje å seie. Kjennskap til lokalt næringsliv, lokale vilkår og konkurrentar gjer at bedriftsrådgjevarane har god oversikt over det som skjer, og dermed eit svært godt grunnlag å fatte avgjersler på, for eksempel når dei skal gi lån. Vi ser også at 64 prosent av kundane har vore innom eit bankkontor, noko som viser at det lokale nærværet er viktig, seier Trude Sæther Hansen.

Vil du ha kontakt med ein rådgjevar hjå oss? Ta kontakt, så avtaler vi eit møte.