Innhald
Lei av å legge ut for venner Vipps
Med Vipps kan du senda pengar du skuldar, eller be om pengar tilbake. Foto: Getty Images ©2017

Er du den som alltid står igjen med rekninga når gjengen har teke taxi eller vore på restaurant? Ventar du til fånyttes på den pilsen du spanderte, og lurer på når «neste gang» eigentleg er? Då har vi eitt ord til deg: Vipps.

Be om pengar
Trykk «Be om pengar» og skriv inn mobilnummeret til personen du har lagt ut for. Vel beløp og legg ved ei melding. Trykk på «Send», og vipps så har du bedt om pengar. Når venen din har godteke, kjem pengane inn på kontoen din. Hugs at de begge må ha siste versjon av Vipps.

Del utgiftene på tur
Ofte er det sånn at de har lagt ut for litt kvar – til dømes om de er ein gjeng som har vore på helgetur. Då kan det fort gå litt surr i kven som skuldar kven pengar. No kan heldigvis Vipps hjelpe dykk med oppgjeret:

1. Trykk «Oppgjer»
2. Opprett ei gruppe og legg til medlemmer
3. Legg til utlegga du har hatt, og sørg for at dei andre gjer det same

Når alt er lagt inn, stadfestar du at oppgjeret er ferdig, og de ser enkelt kven som skuldar kva. Send pengar du skuldar, eller be om pengar tilbake.

Vipps – så er de vener på måndag òg!