Noreg si største benchmarkundersøking

Årets kundeservice 2020 er kåringa av Noreg si beste verksemd på kundeservice. Prisen er basert på Kantar si store kundesentermåling, KSindeks, med over 20 000 intervju årleg. Dei har 160 000 respondentar i erfaringsbasen sin, og er med dette Noreg si største og mest representative studie innan kundeservice. 

KSindeks opererar med kategoriane Bank, Forsikring, Telefoni, Bredbånd, TV-signal, Reise, Åpen klasse, og i år òg ein eigen Koronapris (Noregs beste kundeservice i koronaperioden). 7. januar i år vart det klart at Eika Alliansen var nominert til prisen for beste kundeservice innanfor kategorien bank - og 25. januar vart vi utropte til vinnar!

Bankbransjen er den bransjen som får flest førespurnader i løpet av eit år. Det er veldig jamt i toppen i og med at alle bankar har forstått viktigheita av god kundeservice - Kantar

Som Kantar skriv på nettsidene sine, handlar kundeservice ikkje berre om kor lang ventetida er, men òg om saka blir løyst, om ein må ta kontakt igjen, kor dyktige ein er til å løysa saka der og då og ikkje minst kva kjensle kunden sit igjen med etter at han eller ho var i kontakt med bedrifta .  

Vi kviler ikkje på laurbæra

Vår ambisjon er å vera best på kundeservice, og denne prisen viser at vi er på rett veg. Men det å vera god på kundeservice er ein kontinuerleg og tidkrevjande jobb. Vi vil derfor halda fram med å arbeida for at kundane våre skal vera dei mest fornøgde og få den beste hjelpa og rådgjevinga vi kan tilby.

Tusen takk for tilbakemeldingar og evaluering av den jobben kundebehandlarane våre gjer - det set vi utruleg stor pris på!

Les meir om kåringen her