5 gode tips til riktig bruk av kredittkortet
Kredittkort har fått eit ufortjent dårleg rykte, men visste du at viss ein har eit fornuftig kredittkortbruk og betaler kredittkortfakturaen ved forfall, kan ein både handla tryggare og meir fleksibelt med kredittkortet.

Slik bruker du kredittkort på ein trygg og lønnsam måte:

  1. Netthandel. Det vanlegaste problemet med netthandel er forseinkingar eller at varer rett og slett ikkje blir levert. Handlar du med kredittkort, hjelper vi deg med å få pengane dine tilbake dersom varet ikkje skulle dukka opp. Hugs at betaling i app òg er ei form for netthandel, og det er lurt å legga kredittkortet inn som betalingsmiddel.
  2. Juridisk bistand ved identitetstjuveri. Dersom kredittkortet har vore i bruk dei siste 45 dagane eller har uteståande beløp får du tilgang til juridisk bistand inntil kroner 50 000,-.
  3. Økonomisk handlingsrom er nyttig når bilen treng reparasjon eller vaskemaskina plutseleg ryk. Dessutan gir kredittkortet deg ei god moglegheit til å handla på tidsbegrenset sal, framfor å betala fullpris om tre månader. Husk å betala tilbake det du har brukt så fort du kan.
  4. Reise- og avbestillingsforsikring på reiser i heile verda er inkludert når minst 50 prosent av transport- og overnattingskostnadene er betalte med kredittkortet. Vi tilrår deg som skal bestilla nye reiser om berre å bruka kredittkort på grunn av den ekstraordinære situasjonen flyselskap og reisearrangørar no er i.  På denne måten kan du sikra deg mot eventuelle tap som kan finnast grunna moglege konkursar eller reiserestriksjonar i delar av verda.
  5. Utsett for svindel? Sidan kredittkortet ikkje er knytt direkte til kontoen din, er det ikkje pengane dine som blir borte. Blir du utsett for svindel har du moglegheit for å nytta deg av reklamasjonsordnignene i kredittkortet og vi vil hjelpa deg med å få pengane tilbake.

Vi veit at uventa utgifter har ein tendens til å komma når det passar minst. Brukar du kredittkortet riktig, er det eit godt hjelpemiddel i den daglege økonomien din. Derfor oppmodar vi til ein sunn bruk av kredittkortet.

Det kjem ingen renter så lenge du betaler heile det fakturerte beløpet innan 45 dagar. Korta har heller ingen årspris eller gebyr på varekjøp. Bruk av eFaktura er kostnadsfritt.

Finn ut meir og søk om kredittkort.