Koronaen pregar økonomien i Noreg og resten av verda. Sjølv om innskotrenta var låg allereie før korona, har styresmaktene no sett eit historisk lågt rentenivå for å stimulera aktiviteten i økonomien. Det gir òg ein gylden sparemulighet for mange. Viss du har fått lågare kostnader for bustadlånet ditt er det nettopp denne renteinnsparinga vi tenker kan vera fornuftig å bruka til langsiktig sparing i aksjefond. Viss du har høve til å unnvera desse pengane til langsiktig sparing er dette ei fin moglegheit til å komma i gang med pensjonssparing eller auka den sparingen du allereie har. Skulla renta stiga igjen på sikt kan du enkelt justera sparingen din i forhold til dette

Dersom du ikkje har ei renteinnsparing å unnvera til fondssparing eller synes det kan vera vanskeleg å kome i gang med pensjonssparing, tilrår vi at du tek ein prat med oss i banken din. Vi kan saman ta ein titt på økonomien din og leggja ein plan for korleis du kan lukkast med din sparing. 

Kontakt oss så hjelper vi deg i gang

Vi har snakka med nokre av kundane våre som har starta med langsiktig sparing i aksjefond til ulike tider av livet.

Kvifor byrja dei med langsiktig fondssparing og kva er draumen deira for framtida?


Miriam, 33 år
«Draumen min er å opna eit lite hotell for vindsurfarar i Tarifa i Spania. Men skulle eg gjort noko sånt vil det koste meg, og eg vil kanskje heller ikkje få ein like god pensjon sidan eg bur i eit anna land. Eg byrja med pensjonssparing i aksjefond i fjor. Sjølv om det er lenge til eg skal gå av med pensjon veit eg at eg som 67-åring vil takka 33 år gamle meg for at eg starta å spara så tidleg. Uansett om eg bur i Noreg eller i utlandet, er det viktig for meg å leva eit godt liv som pensjonist utan økonomiske bekymringar. Det er gøy å sjå allereie no at pengane veks på aksjesparekontoen min. Eg sparer ikkje så mykje kvar månad fordi eg har mange andre utgifter no, men når eg blir eldre og har betre økonomi kan eg spara meir.» 

Christoffer, 41 år
«Etter ein fisketur, og gode samtalar med gutane innsåg eg at eg låg litt bakpå med eigen pensjonssparing. Det har verken vore tid eller økonomi til det, har unnskyldninga mi vore. Med to små barn, mykje jobb og trening er det så vidt vinninga går opp i spinninga. Men eg skjønte jo at det er noko eg er nøydd til å prioritera og kome i gang med. Eg har alltid spart på bankkonto, men aldri i aksjefond, og i alle fall ikkje til pensjon. Eg har vore inne på tanken fleire gonger, men så skjer det eit eller anna så eg gløymer det att, eller utset det. Eg lasta ned Smartspar, som gir full oversikt over sparinga mi, her kan eg òg enkelt spara til barna mine, og samla all sparinga på same stad. Er det ein ting eg har å seia om pensjonistdraumen, så er det at eg skal nyta kvar dag utan økonomiske bekymringar. Eg tilrår alle å berre setja i gang.»


Gunnar, 56 år
«Det var ikkje før i godt vaksen alder at eg sette økonomien min meir i fokus og fekk meir oversikt. Når eg pensjonerer meg har eg lyst til å kunna ta med barnebarna på tur, pussa opp på hytta og reise litt oftare til varmare strok. Derfor har eg no byrja å spara til pensjon. Eg tenkte at for å få til dette med pensjonssparing, burde eg få hjelp av rådgjevaren min i banken. Eg tok derfor kontakt og fekk god hjelp til å få betre oversikt over økonomien. Ho kom med forslag til enkle justeringar til korleis eg brukte pengane mine, så eg rett og slett ikkje merka at eg sparte pengar til pensjon kvar månad. God rettleiing frå rådgjevaren min var heilt avgjerande for å kome i gang med pensjonssparinga mi, slik at eg kan få ein god alderdom utan økonomiske bekymringar. Eg har òg fått sonen min på 34 år til å byrja å spara til pensjon. Det er så viktig.» 


No er det turen din, kva er pensjonsdraumen din?

 

Dette lurer mange på om pensjon

 

Saman med rådgjevarane våre har vi samla nokre tips til korleis du kan nå din pensjonsdraum.  

Dersom du ikkje sparer i aksjefond er dette ei fin tid å starte:

  1. Byrj i det små og lag deg eit konkret mål for sparinga di og opprett ei spareavtale som blir trekt automatisk og kort tid etter lønsutbetaling. Det viktigaste er å kome i gang, så kan du auka sparinga di etter kvart.
  2. Hugs at sparing i aksjefond er langsiktig sparing, jo tidlegare du kjem i gang med fondssparing til pensjon, jo mindre treng du å spare kvar månad. Les om fondssparing her
  3. Viss du har bustadlån og flytande rente, kan det du betaler mindre på bustadlånet ditt no vera moglege middel for å komma i gang med sparing i aksjefond
  4. Dersom du er yngre enn 34 år er det lurt starte med BSU-sparing først. Denne sparinga gir deg òg skattefordelar det kan vera verd å ta med seg. Les om BSU
  5.  Last ned Smartspar og få betre oversikt over sparingen din. Last ned Smartspar her

 
Dersom du sparer i aksjefond:

  1. Dersom du er under 34 år tilrår vi deg i tillegg å fylla opp BSU-kontoen din. Når dette er gjort kan det vera ein god idé å halda fram med å spara det same beløpet som vart avsett til BSU. På denne måten treng ikkje sparinga di påverka økonomien din alt for mykje. 
  2. Kan du utfordra deg sjølv til å spare litt meir kvar månad? Viss du har bustadlån og flytande rente, kan du spara renteinnsparinga di i eit aksjefond? Det du betaler mindre på bustadlånet ditt no, kan no vera lurt å spara litt ekstra kvar månad. 
  3. Last ned Smartspar og få betre oversikt over sparingen din. Last ned Smartspar her

 

Enten du sparer til pensjon, eller berre sparer for å spara, er fondssparing langsiktig sparing. Historisk sett har sparing i aksjefond gitt meir igjen enn om du sparer på ein bankkonto. Jo lenger tidshorisont du har på sparinga di, jo betre er det, og du vil vera mindre utsett for dei svingingane som hender i aksjemarknaden. Eit av dei viktigaste råda våre er derfor at du har is i magen når du sparer i aksjefond. Det er nettopp desse svingingane i marknaden som er årsaka til at du som fondsparar kan oppnå ei betre avkasting på sparepengane dine. Kor mykje du bør spara avheng av kor mykje du har høve til å spare kvar månad og den livsstilen du ønskjer å ha når du blir pensjonist. Du angrar sjeldan på den sparinga du har gjort. Jo tidlegare du byrjar å spare, desto mindre treng du å setja av i månaden i det lange løpet. Men det er heller ikkje for seint å byrja i seinare alder, du må berre spare litt meir fordi sparehorisonten er kortare. 

Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av markedsutviklingen, forvalters dyktighet, verdipapirfondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen kan bli negativ som følge av kurstap.