Aksjesparekonto

Samle aksjefonda dine i ein aksjesparekonto hos oss og få skattefordelar. Kontoen er gratis og du inngår avtale om aksjesparekonto enklast i mobilbanken. Hugs å gjere dette innan 31. desember for å sleppe å betale skatt ved flyttinga.
  • Ta ut heile beløpet du har satt inn utan å skatte
  • Sel eller bytt aksjefond utan å skatte undervegs
  • Samle fonda og aksjane dine på ein stad

Tidsfrist for flytting

Eit fleirtal i Finanskomiteen foreslår å utsetje fristen for overgangsordninga for skattefri overføring av aksjar og aksjefond til aksjesparekonto (ASK) til 31. desember 2019. Forslaget vil truleg bli vedteke i Stortinget i desember 2018. 

Opprett aksjesparekonto i mobilbanken

Gjer det i mobilbanken

  1. Logg inn
  2. Har du aksjefond vil du få opp eit spørsmål om du vil flytte fonda dine til ein aksjesparekonto - sei JA til dette.
  3. Gå til "Velg portefølje" og vel deretter kva konto du skal konvertere. Under kjem det opp kva fond du kan konvertere frå den valde konto.
  4. Kryss av aksjefonda du ønskjer å konvertere
  5. Gå til "Flytt valgte fond til min portefølje". Har du ikkje aksjesparekonto er det her du opprettar ny.
  6. Trykk på "Bekreft" og du har flytt aksjefonda dine frå verdipapirkonto til aksjesparekonto

 

Gjer det på nett

  1. Logg inn på Eika Investortjenester
  2. Vel "ASK" øvst til venstre 
  3. Gå til "Velg portefølje" og vel deretter kva konto du skal konvertere. Under kjem det opp kva fond du kan konvertere frå den valde konto.
  4. Kryss av aksjefonda du ønskjer å konvertere
  5. Gå til "Flytt valgte fond til min portefølje". Har du ikkje aksjesparekonto er det her du opprettar ny.
  6. Trykk på "Bekreft" og du har flytt aksjefonda dine frå verdipapirkonto til aksjesparekonto

Er aksjesparekonto noko for deg?

Aksjesparekonto passar for deg som:

  • Sparer i aksjefond
  • Har gevinst på sparinga
  • Ønskjer å kunne endre eller selje aksjefond utan å betale skatt - skatten kjem fyrst når du tek gevinsten ut av kontoen.
  • Vil ta ut pengane du har sett inn utan å betale skatt
  • Er ein heilt vanleg småsparar - du treng ikkje vere proff for å få skattefordelar

Dette spør mange om

Spørsmål og svar om aksjesparekonto

Gode råd