Oljeprisen har stor økonomisk tyding for verdsøkonomien og eit brot i forhandlingane førte til eit massivt fall i oljeprisen og på børsane over heile verda. I tillegg har vi over fleire veker kjent på og observert følgja og konsekvensane av Korona-virusutbrotet. Dette har først og fremst gitt samfunnsmessige utfordringar, og dei økonomiske negative effektane følgjer hakk i hæl.  

Kort forklart kan ein seia at verdsøkonomien haltar, og vi kan alle sjå effektane dette har, for eksempel på reiselivs- og turistbransjen. Avbestilling av flyreiser og hotellopphald aukar. Kva tenkjer du sjølv om din eigen planlagde ferie? Forbruket går ned, noko som påverkar den økonomiske veksten i samfunnet generelt. 

Våre forvaltarar har lang erfaring med å evaluera og forstå kva som skjer i slike situasjonar som med pandemi (sars, svineinfluensa) og kampen mellom aktørane i oljemarknaden. Uvissa hos oss, som hos alle andre aktørar, er å føreseia den kortsiktige og den langsiktige effekten av desse hendingane.



Dette biletet visar korleis ein nedgang på børsen berre er ein del av jamlege svingingar, medan verdiane totalt sett stig.

Fonda våre er i all hovudsak investert i robuste selskap som vi meiner vil klara seg relativt betre enn marknaden. Vi meiner at fonda våre er godt rusta til å takle urolege børsar i ei tid som denne. Koronaviruset kjem til å gå over og den økonomiske veksten vil etter kvart bli normal att. Då vil fonda våre sannsynlegvis stiga mykje. Vi veit ikkje kor lenge dette vil vara, men svingingar i marknaden må ein leva med. 

Vi forstår at mange opplever ei uvisse og sikkert har lyst til å selja alle fonda sine. Det er heilt naturleg, men antakeleg ikkje det smartaste å gjera. Historia tilseier at det beste du kan gjera er å halda deg til dei langsiktige spareplanane du har satt deg. Fondssparing gir på sikt høgare avkasting enn dei fleste andre spareformer, og svingingar er noko du som fondssparer må rekna med for å oppnå langsiktig avkasting.

 


Historisk avkasting er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting vil mellom anna vera avhengig av marknadsutviklinga, forvaltarens dugleik, risikoen til verdipapirfondet, samt kostnader ved teikning, forvalting og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følgje av kurstap.