Vi viser til gjeldande lovgjeving samt sparebankens vedtekter.

Kvart eigenkapitalbevis gir ei røyst. Alle eigarane av registrerte eigenkapitalbevis har røysterett og det kan gis røyst som fullmektig dersom dette vert registrert før avrøystinga byrjar.

Det skal veljast 2 medlemer og 1 varamedlem til forstandarskapet for perioden 2019 til 2022. Det skal haldast særskilt val på medlemer og varamedlemer og rekkjefølja på vararepresentantane si møteplikt skal fastsetjast ved valet. I tillegg skal valmøtet velja 2 medlemer og 1 varamedlem til valnemnda for eigenkapitalbeviseigarane for perioden 2019 til 2020.

I tillegg må det føretas suppleringsval i den grad dette blir nødvendig.

Liste med valnemndas innstilling fylgjer vedlagt dersom den er klar.

Innkalling til valmøte samt vallista vert lagt ut i bankens lokale på Hjelmeland og på bankens heimeside www.hjelmeland-sparebank.no. Innkalling til valmøte vert i tillegg annonsert i Stavanger Aftenblad samt Strandbuen onsdag 23. januar 2019.

I tillegg til dei vala som er nemnde ovanfor ber vi valmøtet om å fremja forslag på inntil 2 medlemer til styret for perioden 2019 til 2020, samt 1 varamedlem til styret for same perioden, i tråd med tidlegare vedtak (ikkje vedtektsfesta) i forstandarskapet om styre-representasjon for eigenkapitalbeviseigarane.

Eigenkapitalbeviseigarar som vil møte til valmøte bes melde dette til banken snarast mogleg og ikkje seinare enn tysdag 5. februar 2019 kl. 15.00, sjå informasjon på innmeldingsskjema.

 

FORSLAG TIL AGENDA FOR VALMØTE FOR EIGENKAPITALBEVISEIGARANE.

  1. Møtet opnast.

  2. Godkjenning av innkalling og dagsorden.

  3. Registrering av eigarar og fullmektigar, med oppteljing av EKB

  4. Val av møteleiar

  5. Val av skrivar

  6. Val av 1 person til å underskrive protokollen saman med møteleiar

  7. Val i tråd med gjeldande forskrift:

  • Val av 2 medlemer til forstandarskapet for perioden 2019 – 2022

  • Val av 1 varamedlem til forstandarskapet for perioden 2019 – 2022, husk rekkefølgje

  • Val av 2 medlem til valkomiteen for eigenkapitalbeviseigarane for perioden 2019 - 2020

8.  Valmøtet avsluttast.

9.  Etter at den formelle delen av valmøtet er gjennomført vil valkomiteen få høve til å orientere om arbeidet rundt forslag på medlemer  og varamedlem til styret, samt medlem i bankens valnemnd i forstandarskapet.

10.  Tid for annan informasjon

 

 

Innstillingen fra valgkomiteen for egenkapitalbeviseierne ser slik ut:

 

Medlemmer til Forstanderskapet:

 

Jan Kleppe (går inn for Tor Egil Lie)

Jan Hauge (går inn for Arne Gravdal)

Varamedlem 3: Ove Harald Ommundsen (går inn for Svein Hermansen)

 

Valgkomiteen for ek bevis eierne:

Dag Sandstå, gjenvalg

Jan Hauge (går inn for Tor Egil Lie)

Varamedlem: Tone Egeland Syvertsen (går inn for Jim Dåtland)

 

Her finn du fullmakt og påmeldingsskjema.