Smålån, kreditt og refinansiering er vanlegare enn du kanskje trur. For mange av oss vil det dukke opp behov for pengar vi ikkje allereie har – éin eller fleire gonger i livet. Det kan vere til tannlegerekninga som blei høgare enn forventa, til bilen som må ha nye vinterdekk, eller til ei spontan reise med gjengen til den storbyen de har snakka om. Då kan det vere enkelt å dra kredittkortet. Kanskje tenåringen har vakse ut av barnerommet og treng alt nytt av møblar, eller kanskje det dukkar opp eit tilbod på noko du har ønskt deg lenge, som du berre må slå til på. Då er det eit ærleg val å ta opp eit forbrukslån – eller Smålån, som vi i banken har valt å kalle det.

Det er når forbrukslåna og kredittkortrekningane blir mange og fordelte hos fleire tilbydarar, at det fort blir dyrt og uoversiktleg. Det mest lønsame for deg er ofte å samle all kreditt og eventuelle forbrukslån til eitt lån. Kva med å leggje all spenning til noko kjekkare enn høge renter og avdrag og velje den banken du allereie kjenner?
 

Eit lån du kan puste ut med 

For å samle og refinansiere dyr kredittkortgjeld og forbrukslån kan Eika Smålån vere ei god løysing. Smålån er eit forbrukslån med lågare rente, og du kan sjølv velje kor lang nedbetalingstida skal vere. Vi i banken hjelper deg med å tilpasse lån, renter og nedbetalingstid etter dine behov.

Har du allereie eit bustadlån hos oss og ein eigedom som har stige i verdi, kan det vere fornuftig å bake forbrukslån inn i bustadlånet. Dermed har du endå færre lån å ta hand om. Hugs då å endre beløpet og ikkje spreie det ut over 25 år – då blir det dyrt for deg. Dette hjelper vi i banken deg gjerne med.

  

Kjent er også trygt 

Søkjer du om smålån eller refinansiering hos oss, får du personleg rådgjeving basert på din økonomi og din situasjon. Same rådgjeving får du ikkje alle stader, og det er enklare å ha éin bank å halde seg til.

Du vil altså både spare pengar og energi på å samle alt på éin stad. Kvilepuls i økonomien gjev meir rom for livet – for det er vel i livet elles du skal ha høg puls?

Ønskjer du å lese meir om Eika Smålån og refinansiering? Her finn du meir informasjon om prisar og korleis du søkjer.  


Døme:
kr 80 000 over 5 år, nom. rente 10,4 %, eff. rente 12,40 %, etabl.gebyr kr 650, månadsgebyr kr 40, totalt kr 106 168.