Slik opprettar du:
-
BankIDBankID opprettar du i banken. Hugs å ta med pass.
-
Så enkelt opprettar du BankID på mobil:
- Ha kodebrikka og pc-en tilgjengeleg
- Opprett BankID på mobil
- Følg rettleiinga på skjermen. Du vil få svar på det du lurer på undervegs
Også kjekt å vite:
- BankID på mobil opprettast i den banken som gav deg kodebrikka.
- Framleis er brikka det einaste alternativet for pålogging enkelte stader. Ta vare på ho.
- Nokre mobiloperatørar kan ta seg betalt for bruk av tenesta. Spør din mobiloperatør dersom du lurer på kva som gjeld for deg.
-
Tips! Ikkje kast brikka
Har du aktivert BankID på mobil og tenkjer at du ikkje treng brikka di lenger? Ta vare på brikka likevel, du kan nemleg trenge den når:
- Du får nytt SIM-kort.
Då må BankID på mobil verta re-aktivert i nettbanken, og du treng brikka til å logga deg inn. - BankID på mobil vert sperra.
Hvis din BankID på mobil har blitt sperra og må verta re-aktivert (til dømes du har tasta PIN feil 3 ganger), kan du enkelt gjere dette i nettbanken under innstillingar – aktiver BankID på mobil. I dette tilfellet må du bruke brikka til å logga deg inn i nettbanken. -
Du skal signere eDokument.
I dei tilfella du ikke kan signera med BankID på mobil må du bruke brikka, så hugs å ha den og passordet ditt lett tilgjengeleg hvis du til dømes skal signera lånedokument.
Vi minnar deg om at BankID vert sperra av sikkerhetsmessige grunnar om du ikkje bruker BankID-brikka på to år. Du vil då motta melding frå banken med påminning om å aktivere BankID 60 dager i førevegen. Vi anbefalar deg å logga inn i nettbanken med BankID-brikka innan to år og aktivera BankID. Går du over tidsperioden vert BankID sperra og du må kontakta banken.
Opplever du ei feilmelding når du loggar deg inn med BankID?
I mange tilfelle kan du løyse dette sjølv og sleppe å kontakta banken. Sjekk gjerne denne lista om ei feilmelding skulle oppstå.
- Du får nytt SIM-kort.