Mobilbank

Med mobilbanken har du dei aller fleste banktenestene tilgjengeleg på mobilen:
  • Sjekk saldo og bevegelsar på kontoane dine
  • Betal rekningane dine. Enkelt og trygt!
  • Kjøp, sjå og endre forsikringar
  • Få full oversikt over fonds- og pensjonsparinga di

Laste ned mobilbank

Her kan du laste ned mobilbanken vår

Slik kjem du i gong

Aktiver mobilbanken før du loggar inn fyrste gong

Når du har lasta ned mobilbanken må den aktiverast i nettbanken før bruk.

  1. Logg inn i nettbanken
  2. Vel "Innstillinger" frå menyen, og deretter "Mobil" og "Mobilbank" 
  3. Vel "Aktiver"
  4. Fyll inn mobilnummeret ditt og vel PIN-kode 
  5. Signer med BankID

Slik endrar du pålogging

Endre til PIN-kode i nettbank

  • Gå inn i nettbanken og vel innstillingar
  • Vel mobilbank
  • Vel endre til iPhone eller Android
  • Vel endre pin
  • Sjekk at mobilnummer stemmer, og lag PIN-kode
  • Godkjenn endringa med BankID

Fingeravtrykk eller FaceID (attkjenning av ansikt)

  • Du må ha lasta ned mobilappen frå AppStore eller Google Play og ha endra pålogging til PIN-kode (ovanfor finn du instruksjonar om korleis du gjer dette) før du kan endre til fingeravtrykk eller FaceID
  • Trykk på menyen øvst i høgre hjørne
  • Vel «Innstillingar» nedst i menyen
  • Vel «Bruk FaceID» eller «fingeravtrykkspålogging» i punktet i menyen.
  • Godkjenn med FaceID eller fingeravtrykk

Om mobilbanken

I mobilbanken kan du enkelt:

  • Sjå saldo og rørsler på kontoane, kredittkorta og låna dine
  • Betale rekningane dine
  • Opprette Avtalegiro, automatiske eFaktura og faste betalingar
  • Få full oversikt over fonds og- pensjonssparinga di
  • Kjøpe og endre fond, IPS og opprette aksjesparekonto 
  • Auke kredittgrense, hente PIN og endre regionsperre på korta dine
  • Finne vekslingssum i valutakalkulatoren
  • Søke om finansieringsprov, bustadlån og andre lån
  • Kjøpe, sjå og endre forsikringane dine
  • Finne vegprov og forsikringskort