Korleis fungerer klokkebetaling?
-
FitbitDu må ha ein Fitbit-klokke, og dessutan bankkort eller Eika Mastercard frå banken din
1. Legg inn kortopplysningane dine i Fitbit-appen på telefonen. Appen kommuniserer med klokka og lagar ein virtuell versjon av kortet på klokka.
2. Når du skal betala held du klokka inntil kortlesaren. Når betalinga er gjennomført, vibrerer klokka og du får ei stadfesting på skjermen.
3. Dersom du ønsker å byta mellom ulike kort, så held du venstre knapp inne i to sekund. Vel kortet du ønsker å betala med før du tæpper klokka mot kortlesaren.
4. Klar, ferdig - betal!
Meir informasjon finn du på nettsidene for Fitbit Pay. -
Garmin
Du må ha ein Garmin-klokke, og dessutan bankkort eller Eika Mastercard frå banken din.
1. Legg kortopplysningane dine inn i appen Garmin Connect Mobile under Garmin Wallet.
2. Følg instruksjonane for å legga til eit eller fleire kort, og oppretta ein kode.
3. Når du skal betala i ein butikk, følgjer du instruksjonane på klokka.
4. Klar, ferdig - betal!
Meir informasjon finn du på nettsidene for Garmin Pay.