Som lokalbanken har vi alltid bidrege til både velstand og økonomisk tryggleik for privatpersonar og lokalt næringsliv. Vi har gjennom historia alltid vore tilstades for kundane våre, også når økonomiske stormar har herja. Ein partnar i medgang, eit tryggleiksnett i tunge tider. Alltid ved kunden si side.

I dag står vi alle overfor ein ny og usikker situasjon som påverkar heile Noreg. Vi forstår at dette påverkar både deg som privatperson og dei aller fleste bedrifter - store og små. Vi som lokalbank er alltid oppteken av å forstå kundane våre best mogleg. 

Med lokalkunnskapen og nærleiken vår til kundane våre, vil vi anstrengje oss for å finne løysingane som er tilpassa behovet ditt – spesielt no som situasjonen er som den er.
 

Dersom du er usikker på korleis du skal handtere økonomien din i denne situasjonen, anten du er arbeidstakar, arbeidsgivar eller av nokon annan grunn, ber vi deg om å kontakte oss i banken. Du kan anten ringe eller sende e-post til rådgivaren din i banken. 

Vi vil sjølvsagt også sørgje for at alle betalingstenestene og dei digitale løysingane våre er tilgjengelege slik at du som kunde i banken får handtert dei daglege gjeremåla dine på ein trygg og effektiv måte.