Det finst mange gode grunnar til kvifor det lønner seg. At pengane dine er sikrare er berre éin av dei.

  1. Reise- og avbestillingsforsikring

    Visste du at dersom du betaler minst halvparten av reisa di med kredittkort, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet?
    Forsikringa dekker tapet ditt om du blir sjuk eller får stole frå verdisaker i ferien. Han gjeld òg ved forseinkingar i samband med flyreiser.

    Vi tilrår deg som skal bestilla nye reiser om berre å bruka kredittkort på grunn av den ekstraordinære situasjonen flyselskap og reisearrangørar no er i.  På denne måten kan du sikra deg mot eventuelle tap som kan finnast grunna moglege konkursar eller reiserestriksjonar i delar av verda.

  2. Gode tilbod på hotell og leiebil

    Er du i gang med å planlegga ferie, bør du sjekka Eika Hoteller som gir deg tilgang til over 5 millionar hotelltilbod i 220 land.
    Skal du leiga bil er det lurt å besøkja Eika Leiebil som gir deg svært gode leiebil prisar, i tillegg til 10 % rabatt dersom du betaler med kredittkortet.

    Skal du til utlandet, husk at det er gratis å ta ut valuta i minibank når du bruker kredittkorta våre i utanlandske minibank. I tillegg er alle uttak rentefrie i inntil 45 dagar.

  3. Banken sine pengar - ikkje dine

    La oss innsjå det. Det hender at lommebøker blir borte. Kort kan bli stolne eller kortdata kan bli kopiert. Kjem kortet ditt i hendene på feil menneske, kan det fort bli tomt på kontoen.

    Har du brukt eit vanleg bankkort som er knytt til lønnskontoen din, er det pengane dine som blir borte. Har du i staden brukt eit kredittkort, er det pengane til banken som blir stole.

  4. Ekstra tryggleik

    Har du nokon gong stått i ein framand by og opplevd at kortet ditt blei slukt av minibanken? Eller at du ikkje får betalt i ein butikk fordi kortet ditt ikkje fungerer?

    Då er det godt å ha fleire kort å ty til. Ein hovudregel bør alltid vere at du brukar kredittkortet som hovudkort på tur. Blir det borte, har du i alle fall ditt vanlege kort å ty til.

  5. Tilgang på eigne pengar

    Hoteller og leigebilselskap reserverer ofte større summar enn den avtalte prisen du skal betala. Brukar du eit vanleg bankkort, kan det føra til at du plutseleg har mindre pengar å rutta med enn du hadde planlagt.

    Dei tar høgde for at du kan utsetja bilen eller hotellrommet du leiger for ein skade. Det fører til at pengane blir frosne på kontoen din, noko som kan vera veldig upraktisk.

  6. Tryggleik for upårekna kostnader

    Mykje kan skje på ei reise. Kanskje må du legge deg inn på hotell, medan du eigentleg hadde planlagt å ligge i telt. Og skulle bagasjen bli borte, kan du plutselig bli nøydd til å betale for meir enn du eigentleg har budsjett for.

    Eit kredittkort fungerer derfor òg som ein ekstra tryggleik det kan vera godt å ty til dersom noko uventa skulle skje.

  7. Sikra mot useriøse aktørar

    Som bruker av eit kredittkort, er du òg sikra mot ID-tyveri. Skulle nokon misbruka identiteten din til å kjøpa varer og tenester, har du rett til juridisk bistand på inntil 50.000 kroner dersom kortet har vore i bruk dei siste 45 dagane eller har uteståande rentebærende kreditt.

    God tur! #tavare på deg sjølv og reisefølgjet ditt.