Jul

Siste frist for å betale rekningar før julaftan er torsdag 23. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast i nettbanken før klokka 12:00. Fyrste forfallsdato etter julaftan er mandag 27. desember.

Nyttår

Siste frist for å betale rekningar i 2021 er torsdag 30. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast før klokka 12:00. Fyrste forfallsdato etter nyttårsaftan er mandag 3. januar 2022.

Siste frist for innbetalingar til Bustadsparing for unge (BSU)  er fredag 31. desember kl 12.

Siste frist for innbetaling til Individuell pensjonssparing (IPS) for eksterne fond er mandag 20. desember, medan fristen for innbetaling til Eika-fond er onsdag 29. desember.

For inntektsåret 2021 kan du spare 40.000 kroner i IPS. Fra 1. januar 2022 er det foreslått i nytt statsbudsjett å redusere det årlige maksbeløpet du kan spare i IPS fra 40.000 kroner til 15.000 kroner.

Det er viktig at desse fristane over blir overhaldne, dette gjeld òg mellom kontoar i same bank

Utanlandsbetaling

Siste frist for å betale til utland før jul er torsdag 23. desember. Siste frist for å betale til utland i 2021 er den fredag 31. desember kl. 09.00. Rekningane må registrerast før klokka 12:00 begge dagar.

 
Normalt vil mottakar få pengane same dag som betalinga blir utført, men skal betaling vere motteken hos kunden sin bank før nyttår, bør betalinga gjerast seinast torsdag 30. desember. For ein del land i andre tidssoner bør kunde berekne betre tid enn dette.

Generelt om betalingsfristar

Fristane er ikkje absolutte. Dersom tidspunkt for betalingsmottak er viktig, blir det tilrått at registreringa av betalinga er ferdig gjennomførde nokre minutt før dei ovanfor nemnde tidspunkta.

Overføring mellom eigne konti og betaling utan KID til andre kundar sin konto i same Eika-bank, vil gå umiddelbare dersom overføringa/betalinga blir lagd inn med forfall same dag.

Vipps  kan nyttast til å betale som normalt gjennom heile jule- og nyttårsperioden.