Jul

Siste frist for å betale rekningar før julaftan er onsdag 23. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast i nettbanken før klokka 14:00. Fyrste forfallsdato etter julaftan er mandag 28. desember.

Nyttår

Siste frist for å betale rekningar i 2020 er torsdag 31. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast før klokka 14:00. Fyrste forfallsdato etter nyttårsaftan er mandag 4. januar 2021.

Siste frist for innbetalingar til Bustadsparing for unge (BSU)  er torsdag 31. desember kl 14.

Siste frist for innbetaling til Individuell pensjonssparing (IPS) for eksterne fond er fredag 18. desember, medan fristen for innbetaling til Eika-fond er tysdag 29. desember.

Det er viktig at desse fristane over blir overhaldne, dette gjeld òg mellom kontoar i same bank

Utanlandsbetaling

Siste frist for å betale til utland før jul er onsdag 23. desember. Siste frist for å betale til utland i 2020 er den torsdag 31.desember kl. 09.00. Rekningane må registrerast før klokka 14:00 begge dagar.

 
Normalt vil mottakar få pengane same dag som betalinga blir utført, men skal betaling vere motteken hos kunden sin bank før nyttår, bør betalinga gjerast seinast 30. desember. For ein del land i andre tidssoner bør kunde berekne betre tid enn dette.

Generelt om betalingsfristar

Fristane er ikkje absolutte. Dersom tidspunkt for betalingsmottak er viktig, blir det tilrått at registreringa av betalinga er ferdig gjennomførde nokre minutt før dei ovanfor nemnde tidspunkta.

Overføring mellom eigne konti og betaling utan KID til andre kundar sin konto i same Eika-bank, vil gå umiddelbare dersom overføringa/betalinga blir lagd inn med forfall same dag.

Vipps  kan nyttast til å betale som normalt gjennom heile jule- og nyttårsperioden.