Vi i banken bryr oss om korleis pengane dine blir investert. Det vil seia at du alltid skal kunne vera trygg på at produkta vi leverer oppfyller strenge krav til samfunnsansvar, berekraft, etikk og openheit. Men kva tyder dette i praksis?

- Kort fortalt vil det seia at etiske og miljømessige omsyn veg tungt når vi set saman ein aksjeportefølje i fonda våre, seier Stig Erik Brekke, investeringsdirektør i Eika Kapitalforvaltning. 

Det er Eika Kapitalforvaltning (EKF) som leverer spareprodukta vi tilbyr deg. På same måte som vi tek samfunnsansvar lokalt, gjer EKF det same globalt.

 

Tydelege retningslinjer
- Vi har lenge følgt oljefondet sin investeringsprofil som har tydelege retningslinjer når det gjeld ansvarlege investeringar. Det er derfor utenkjeleg å investera i selskap som Etikkrådet i Noregs Bank rår frå, forklarar Brekke.

Grunntanken er at Eika ikkje investerer i selskaper som er skulda for:

  • Grove krenkingar av menneskerettar
  • Alvorleg miljøskade
  • Alvorlege krenkingar av rettane til individet i krig og konflikt
  • Grov korrupsjon
  • Andre grove brot på grunnleggjande etiske normer

- Vi investerer heller ikkje i selskap som produserer klasevåpen, kjernevåpen, landminer og sal av militært materiell til visse statar, utdjupar Brekke.

 

Selskap på sperrelista

I tillegg til å følgja Noregs Bank si liste over ekskluderte selskap, har Eika Kapitalforvaltning òg valt å utvida lista til å innehalda selskap innanfor desse industriane:

  • Kol
    Kolbasert kraftproduksjon bidreg negativt til klima, i tillegg til at ein ikke veit nok om arbeidstilhøve og tryggleik i mange delar av verda.
  • Tobakk
    På verdsbasis drep tobakk meir enn sju millionar menneske kvart år (NHI.no) og fører til enorme helsekostnader.
  • Gambling
    Spelavhengigheit rammar ofte familiar og barn, i tillegg har Casino- og spelverksemd ein høg risiko for kvitvasking av pengar og muter.

 

Aktivt eigarskap gir høve til å påverka

Stig Erik Brekke meinar fondsforvaltarar kan ha gode høve til å påverka selskapa ein investerer i. Dette prøver Eika å utnytta gjennom aktivt eigarskap:

- Vi kan til dømes gjennomføra ei screening som fangar opp eventuelle brot på etikk, menneskerettar eller miljø. 

Deretter prøver vi å få til endringar gjennom dialog med selskapet, og ved å bruka røysteretten vår på generalforsamlingar.
Kva skjer om verksemda ikkje viser vilje og evne til å endra åtferd?
- Då bør ein avvikla eigarposten.

 

Grøne investeringar

Det er viktig å tenkja miljø i alle avgjerder ein tek fordi kloden vår blir utsett for store menneskeskapte klimaendringar. Eika Kapitalforvaltning er tydeleg på at vi som investor kan vera med på å påverka denne utviklinga. Det gjer vi ved å løfta berekraftsperspektivet hos dagens selskap og investera i nye selskap som utviklar løysingar for framtida for å vareta miljøet vårt betre.

Få tilrådd fond som passar til sparinga di