I år deler me ut pengar til lokalsamfunnet av overskotet til banken. Det finnes mange gode føremål i Ryfylke og mange eldsjeler som brenn for viktige oppgåver som ein kan få realisert med litt økonomisk stønad.

Har du eit prosjekt som kan skape nytte og glede for mange? Då oppmodar me deg til å søkje om stønad frå gåvefondet til banken. Lag, organisasjonar og andre aktørar heimehøyrande i Ryfylke kan søkja om midlar til prosjekt.

Du finn meir om vilkår for tildeling og søknadsskjema på www.trivseliryfylke.no 

Søknadsfrist for tildeling i 2024 er 10.05.2024

Saman kan me skape gode opplevingar og bulyst i heile Ryfylke.